Konsekvensen av at Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland slår seg saman, kan for innbyggjarane i dei tre fylka bli auka avstand til avgjerder, mindre påverknad og meir byråkrati:

— Dersom Sogn og Fjordane blir del av ein større vestlandsregion, vil det få konsekvensar som ikkje nødvendigvis er positive for fylket og innbyggjarane. Færre folkevalde frå fylket vil bli med i styringa. Avstanden til dei styrande blir større, det vil bli få nye oppgåver, byråkratiet vil auke, kompetansebaserte arbeidsplassar vil gå tapt og sentraliseringa vil auke, hevdar fylkesmannen.

Taparane

I ei fråsegn til utgreiinga om ein vestlandsregion, skriv Flæte rett ut at han trur Sogn og Fjordane blir den svakaste parten. Folketal, totaløkonomi og storbyar som Bergen og Stavanger vil tippe vektskåla i favør av Hordaland og Rogaland. I klartekst meiner Fylkesmannen at Sogn og Fjordane vil bli veslebror i eit storfylke, og at sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar vil stå tilbake som taparane.

Flæte meiner også det er nødvendig å avklare kva oppgåver eit vestlandsting skal ha, før det blir avgjort korleis storfylket skal organiserast. Eit slikt vedtak kan berre fattast av Stortinget, og omlegging til vestlandsregion kan berre ha sitt utspring der.

— Utgreiingane i Vestlandsrådet om ein mogleg vestlandsregion er gjort på eige initiativ, utan at det er ein del av ei landsomfattande forvaltningsreform, påpeikar Flæte.

Heller samarbeid

Fylkesmannen meiner eit tettare samarbeid med overføring av oppgåver og avgjerdsmynde til Vestlandsrådet på nærare utgreidde område, kan vere eit godt alternativ til samanslåing. Fylkestinga kan delegere til Vestlandsrådet å gjere bindande vedtak på område som eksempelvis næringsutvikling og utbygging av infrastruktur. Oppgåver på kulturområdet, innan høgare utdanning og forsking ligg også nært til for samarbeid. Likeeins tilhøvet til Helse Vest.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner også vestlandsutgreiinga inneheld målsetjingar som strir mot kvarandre. Eitt slikt motstridande mål er prinsipp om desentralisering og at ingen av dagens hovudsete for fylkeskommunane skal byggjast ned. Dette står i kontrast til målet om å kutte kostnader til administrasjon.

Folkerøysting

— På sikt vil dette føre til ei intern sentralisering av fagmiljøa, og med det fare for tap av kompetansebaserte arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, trur Flæte.

Han meiner at dersom dei tre fylka på eige initiativ vil opprette ein region, bør innbyggjarane først få kome til orde i ei rådgjevande folkerøysting.

— Samanslåing av tre fylke vil i stor grad få følgjer for innbyggjarane si framtid og velferd, på same måte som det skjer ved ei kommunesamanslåing, meiner fylkesmann Oddvar Flæte.