Den populære fastlegen i Bergen er tiltalt for å ha skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av si stilling.

Gjennom over fire år frå 2001 til 2005, meiner politiet, skal han ha hatt fleire samleie med ein kvinneleg pasient.

— Overgrep annenhver gang

Kvinna gjekk til politiet i 2009. I går og i dag har ho forklart seg i Bergen tingrett om korleis ho møtte på legekontoret til dobbelttimar, heilt på slutten av arbeidsdagen.

— Kor ofte hadde de hadde samleie, spurte dommeren.

— Kanskje halvparten av gongane. Det var periodar det ikkje var så ofte. Eg visste aldri det, sant, sa ho.

Kvinna var òg heime hos legen for å hente reseptar. Ho er usikker på kor mange gongar. Det ho derimot hugsar, ifølge henne:

— Han spelte gitar, forklarte ho i retten.

Kvalm av etterbarberingsvann

Den dag i dag hugsar ho etterbarberingsvatnet til legen, ifølge henne.

— Kva føler du når du kjenner den lukta, spurde ein av meddommarane.

— Eg blir kvalm, forklarte legens tidlegare pasient.

Legen sjølv nektar straffskyld. Han forklarer seg i retten i dag.

— Den kontakten eg har er, fakta, ein medisinsk kontakt, sa han i starten av si forklaring.