Bjørn Smeby kontrollerer 2,5 prosent av aksjane i Gaia Trafikk, og er ein av dei største private aksjonærane i selskapet.

Han har tidlegare vore sentral både som styremedlem og eigar i fleire busselskap på Nordmøre. Alle desse er no kjøpt opp og blir styrt frå Trondheim.

— I alle fusjonar blir det sagt at dei ikkje skal flytte hovudkontoret, men så er det akkurat det som har skjedd i praksis, seier han, og viser til Mørelinjen, Nordmøre Trafikkselskap, Hemne Orkladal Billag og Molde Billag.

— Alle funksjonane enda til slutt i Trondheim, seier han, som sjølv har flytta frå Nordmøre til Trondheim.

- Får full kontroll

På same måten meiner han eit fusjonert HSD/Gaia til slutt vil ende i Stavanger. Resonnementet hans er slik: Leiinga i HSD har allereie sagt at neste steg blir ein fusjon med Stavangerske, som Stavangerinvesteroren Folke Hermansen eig 100 prosent.

Hermansen eig i dag 40,4 prosent av HSD, og vil få 23 prosent av aksjane i eit fusjonert HSD/Gaia.

— Viss HSD/Gaia så fusjonerer med Stavangerske endar Hermansen med 35-40 prosent av aksjane. Det er det same som full kontroll, det veit alle som har vore med i slike selskap, seier Smedby.

Han meiner Hermansen med ein så dominerande posisjon vil blokkere for andre industrielle investorar. Dermed vil få andre enn Hermansen vere interessert når selskapet treng meir pengar gjennom aksjeutvidingar.

Pengebingen

Hermansen sjølv har sagt til BT at han aldri vil eige meir enn 40 prosent, fordi det vil binde opp for mykje pengar.

Smedby meiner vidare at når den dominerande eigaren sit i Stavanger, vil hovudkontoret flytte etter.

— Kva har skjedd i dei selskapa der kapitalen har site andre stader enn der hovudkontoret er? Det blir flytta dit kapitalen er, bit for bit. Kapitalen og kompetansen søkjer alltid saman same kva som er lova på førehand, seier Smeby.

Til BT sa Hermansen for tre veker sidan sa han følgjande om hovudkontoret:

— Vi har ingen planar om å flytte det. Hovudkontoret må liggje i Bergen.

— Sjølv om HSD/Gaia fusjonerer med Stavangerske?

— Ja, tyngdepunktet vil likevel bli i Bergen.

Politisk krut

Argumenta til Smeby går rett inn i den politiske dragkampen som vil prege denne veka, noko Smeby er klar over.

Frykt for at fusjonen berre var eit dårleg skjult raid til fordel for Folke Hermansen, var hovudgrunnen til at SV først sa tvert nei til fusjonen. Det er òg eit viktig moment for RV, som saman med SV har nok stemmer til å gje fleirtal mot ein fusjon i bystyret.

Dei siste vekene har mellom anna Norsk Transportarbeiderforbund og leiinga i HSD og Gaia hatt fleire møter med dei to partia for å få dei til å snu.

Bergen SV skal drøfte saka i eit medlemsmøte i dag, medan partigruppa i bystyret skal drøfte saka torsdag. Det same skal bystyregruppa til RV.

Bystyret skal ta endeleg stilling til fusjonen om ei veke, måndag 19. juni.

FAKSIMILE: I et intervju med BT 21. mai sa Folke Hermansen følgjande om hovudkontoret: - Vi har ingen planar om å flytte det. Hovudkontoret må liggje i Bergen.