• STREIKAR: Nokre dreg ut, medan andre må vere heime. - Det er veldig destruktivt å ikkje verta høyrt, og folk er mildt sagt forbanna der ute, seier kommunikasjonsleiar i Lederne, Sverre Simen Hov (til v.). Saman med Per Helge Ødegård og Terje Herland frå Lederne samt Geir Nilsen frå Industri Energi, delte han ut streikeinformasjon på Flesland i går.

    FOTO: TOR HØVIK

- Blir behandla som Nordsjødykkarane

Det er på tide at Helge Lund og Co tek til vettet, meiner hovudtillitsvalt Per Helge Ødegård frå Lederne.

- Me blir behandla akkurat som dykkarane blei på 70-talet, og me finn oss ikkje i det. Me fortener ein verdig avgang, men bruk og kast-mentaliteten som pensjonskuttet faktisk vitnar om, tilseier det totalt motsette, fortel Ødegård.

- Går på helsa laus

I går føremiddag blåste det kaldt rundt han og andre streikevakter på Flesland.

Les også

Nervekrig om lønnsnemnd

Fagforeiningane freser etter at Statoil stenger nye oljefelt, og fryktar tvungen lønsnemnd. Lønsnemnd vil dei tape på, meiner forskar.

Situasjonen dei no står midt oppi, fekk det til å gå heitt for seg.

- Dei tek frå oss pensjonen vår, og det er rett og slett vanskeleg å halde ut. Me jobbar særs tunge skift og folk får helseproblem av alt slitet. Det er nær sagt umogleg å arbeide til me blir 65 år, seier hovudtillitsvalt i Lederne, Terje Herland.

Allereie lukrativt

Jan Hodneland, forhandlingsleiar i Oljeindustriens Landsforening (OLF), som er motpart til oljearbeidarane, meinte at pensjonskrava frå Industri Energi, SAFE og Lederne var fullstendig urimelege.

Han viste også til at dei tilsette i oljeselskapa har ei gjennomsnittsinntekt på ein million kroner og ein pensjonsalder på 65 år, og at dette allereie gjer dei til Noreg sine pensjonsvinnarar.

Dette er dei streikande totalt ueinige i.

- Kynisk utspel

- At OLF kallar oss for lønsadelen er direkte lygn, for grunnløna vår er på totalt 590.000 kroner i året. Derimot er det slik at arbeidsgjevar tvinger folk til å arbeide overtid, og det kan gje utslag i løn opp mot millionen. Det er slik metoden deira er, fortel Ødegård frå Lederne, og legg til:

- Utspelet frå OLF er veldig kynisk og vitnar om at dei ynskjer å få sympati i det offentlege rom.

Statoil si avgjerd om å stenge produksjonen på Veslefrikk, Brage og Oseberg C, vil nærast pressa dei streikande ut i tvungen lønsnemnd, meiner Ødegård.

- Statoil hadde fått innvilga dispensasjon viss dei hadde søkt om å få halda plattformane opne. Men det gjorde dei ikkje, og for oss betyr det at dei spekulerer i tvungen lønsnemnd. Det er på tide at ein tek til vettet, seier Ødegård.

 

 

Les også

Siste fra Lokalt

- Gjør du aldri feil, Bertelsen?

Regjeringsadvokaten undrer seg over dommerens forklaring.

- Jeg hørte en bil,
og så kom presten

Enken etter Karsten Stall Osmundsen forklarte seg i retten.

Her er siste tegn fra
savnede Eeva-Maria

Nye videobilder viser savnede Eeva-Maria Sieppi (31) rett før hun forsvant natt til 17. mai.

o Fikk bil over seg

Mann sendt til Haukeland Universitetssykehus etter å ha fått en bil over seg

Forsøkte trolig
å svinge unna

Karsten Stall Osmundsen forsøkte trolig å legge seg ut til siden like før han ble truffet av bilen med den narkorusete sjåføren.

- Ropte stopp, slutt og nei

Så ble den 18-årige kvinnen voldtatt av pirattaxi-sjåføren, mener statsadvokaten. Nå er mannen tiltalt.

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker