Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane trur ikkje bjørnen som oppheldt seg i bygda i sommar, har slått så mange dyr.

– At bjørnen har teke ein god del sau er soleklart, men det kan vere fleire grunnar til at dyr kjem bort på beite. Det er uvanleg at det blir søkt rovdyrerstatning for så mange, seier Mjelstad til NRK Sogn og Fjordane.

Statens Naturoppsyn har slått fast at ni småfe blei tekne av bjørnen i Jostedalen sommar. Men sauebøndene har heile tida meint at bjørnen forsynte seg langt kraftigare av matfatet han hamna i. Enkelte sauebønder miste kvar fjerde sau på beite i sommar.

KADAVER: Dette er eit av sauekadavera som vart funne i Fjærland i sommar. Ekspertaneslo fast at dyret er drepe avbjørn. FOTO: EINARFORTUN