• Først var den berre ein mørk skugge. Så såg eg at det var bjørnen. Og den kom beint imot meg. Første skotet skaut eg opp i lufta. Eg følte den var komen for nær. Dei to neste skota traff, trur eg.

For første gong fortel sauebonden Ove Baggetun (34) i Jostedal om møtet med bjørnen måndag morgon denne veka. Han meiner å ha treft dyret med to skot, og er no sikta for ulovleg bjørnejakt.

Det er ein rørt mann som møter Bergens Tidende for å fortelja om den utrulege historia. Han føler å ha hamna i ein ulukkeleg situasjon. God støtte frå naboar og bygdefolk gjer godt.

— Ein mørk skugge

Den sikta 34-åringen har ikkje vore ein del av jaktlaget som vart oppretta for å felle streifdyret som har herja saueflokkane i distriktet. Han hadde heller ingen som helst tanke om å drive bjørnejakt den morgon, fortel han.

— Eg visste at det var nokon som skulle opp i paraglider for å sjå etter eventuelle kadaver i Krundalen tidleg måndag. Tilfeldigvis vakna eg grytidleg, og tenkte eg skulle ta turen opp i dalen for å hjelpe til, fortel Baggetun.

Dermed tok han bilen og køyrde oppover i dalen, men vel framme møtte han ingen. Han tenkte dei hadde gjeve opp forsøket på grunn av det dårlege været.

— Det var regn og skodde, så eg snudde bilen heimover. På veg nedover ser eg at sauene på nordsida av vegen er urolege. Så eg stoppa, tok med geværet og ein mjølpose til sauene og gjekk dei i møte.

Klokka var blitt ca. 04.05. Han gjekk gjennom ei grind, og såg sauene komme mot seg i stor fart.

Og bakom dei, ein mørk skugge.

30 meters hald

— Sauene sprang rett forbi, utan å ense korkje meg eller mjølposen. Eg såg no at det var ein bjørn som følgde sauene i retning der eg stod, om lag 40-50 meter unna. Eg følte at den kom for nær.

Dermed losna han eit skot opp i lufta.

— Bjørnen skvatt litt, men eg såg at den kom vidare framover. Eg visste ikkje kva eg gjorde, alt gjekk så fort. Eg var fanga mellom gjerdet og elva, og kom meg ikkje vekk raskt nok.

— Kor langt unna var bjørnen da du losna skot nummer to?

— Rundt 30 meter, vil eg tru. Eg sende to skot mot bjørnen. Eg trur at dei traff, men kan jo ikkje seie noko sikkert, fortel mannen.

Etter dette sprang dyret til sides og inn i skogen. Bonden sende nok eit skot etter bjørnen, men han meiner at dette ikkje traff.

— Det heile gjekk så fort. I ettertid verkar det heilt utruleg. Eg hadde aldri venta å komme opp i denne situasjonen, seier Baggetun.

Varsla anonymt

Han har sjølv hatt sauetap etter at bjørnen kom til dalføret, men hadde aldri trudd han skulle oppleve noko slikt.

— Det var aldri mi meining å jakte på bjørnen. Geværet har eg hatt med meg som ein ekstra tryggleik. Dessutan var eg viss på at bjørnen hadde trekt ut av Jostedal, så dette var eit enormt sjokk for meg.

Da bjørnen var vekk, gjekk han tilbake til bilen, nærast i sjokk.

— Eg køyrde nedover dalen, og snudde deretter opp igjen på andre sida av elva. Eg ville sjå etter om bjørnen var trefft, men såg ingenting.

Så langt meiner mannen at han har handla i legitim naudverge, men erkjenner at han gjorde ein tabbe i ettertid.

— Eg var oppskaka, og prøvde å halde episoden hemmeleg, forklarer han.

Men han varsla politiet. Anonymt, frå ein offentleg telefonkiosk.

Men i politiavhøyr same dag erkjente han det som hadde skjedd. Han er sikta for ulovleg jakt. Ifølgje politiet har han ikkje avlagt jaktprøve, geværet var ikkje registrert på han og den heilmantla ammunisjon er ulovleg på storviltjakt.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv