– Vi er no trygge på at det var bjørn som stod bak drapa på to dalasauer på Dregebø i Gaular. Vi reknar det som svært sannsynleg at det er same dyret som har teke livet av dei fire sauene i Mundalsdalen i Fjærland, seier regionansvarleg i Statens naturoppsyn i Hordaland og Sogn og Fjordane, Sverre Tveiten, til Bergens Tidende.

Det er funn av fotspor i Fjærland som gjer fagfolka sikre på at ein bjørn har vore der i tida rett før eller i sjølve pinsehelga. I tillegg er måten dyra er blitt drepne på, typisk for bjørn.

Ikkje nett kvardagskost

Det var siste helga i mai at gardbrukar Oddvar Torsnes i Gaular fann to sauer drepne. Dyra hadde ti centimeter breie bitemerke, og ekspertane fekk straks mistanke til at eit større rovdyr kunne ha vore på ferde.

2. pinsedag fann så Nils Distad to sauer ihelrivne på Mundalsstølen i Fjærland, medan to andre av dyra i flokken var vekke. Lamma til dei fire sauene var alle på stølen. Tysdag fann gardbrukaren den tredje sauen drepen ved å bruke ettersøkshund. Den fjerde er framleis ikkje funnen.

– Vi trur at vi har med å gjere ein ung hannbjørn. Slike ungbjørnar kan vandre ufatteleg langt, og vi håpar dette er eit streifdyr som vil vandre ut av området og austover, seier Tveiten.

– Ein bjørn skal i vinter ha lege i hi i Skjåk. Det blir spekulert i om det kan vere dette dyret som er på vestlandstur?

– Vi har ingen haldepunkt for å seie noko som helst om kvar denne bjørnen kjem frå.

– Sikre bjørneobservasjonar på Vestlandet er ikkje nett vanleg?

– For nokre år sidan blei det sett ein bjørn i fjellområda mellom Sogn og Austlandet, men det var vel omtrent på fylkesgrensa. Og før den tid kan eg ikkje hugse eit einaste døme i mi tid på at det har vore sikre bjørneobservasjonar frå Sogn og Fjordane. Så dette er ikkje kvardagskost, seier Tveiten.

Ille medfaren

Fjelloppsynsmann Einar Fortun var i går i Mundalsdalen for å sjå på kadaveret av den tredje sauen, og samstundes leite etter nye spor etter bjørnen.

– Denne sauen var drepen på same måten, men han er kanskje enno verre medfaren, seier Fortun til Bergens Tidende.

Han leita også etter hår og ekskrement frå bjørnen, men fann ikkje noko. Dersom Naturoppsynet finn bjørnehår eller -møk, kan det utførast DNA-test. Då er det store sjansar for at fagfolka kan finne ut kvar bjørnen kjem frå.

Mundalsdalen ligg på vestsida av Fjærlandsfjorden. Dersom bjørnen skal ta seg frå Fjærland og austover må han anten gå gjennom bygda eller over breen.

– Det er vel kjent frå gammalt av at bjørnane gjekk over Jostedalsbreen. Så om han dreg austover att, vil han etter alle solemerke gå over breen, meiner Fortun.

– Kan det skje nye sauedrap?

– Det kan hende dette er eit dyr som oppheld seg på breen. Då kan han fort kome ned at. Når han først har teke til med å drepe sau, kan det skje igjen.

SIKKER I SI SAK: Fjelloppsynsmann og rovviltkontakt for Indre Sogn, Einar Fortun, trur bjørnen har vandra over Jostedalsbreen. Han utelukkar ikkje at dyret kan opphalde seg på breen, og tekturar ned i bygdene rundt.
ODDLEIV APNESETH
TYDELEGE SPOR: Dette funnet avspor er det som gjer ekspertanesikre på at ein bjørn har drepe saueri Fjærland. Sporet, som er 16 cmbreitt og 21 cm langt, er frå bakfotentil ein bjørn. Mest sannsynlegein ung hannbjørn. FOTO: EINAR FORTUN
FANN NYTT KADAVER: I går blei det tredje sauekadaveret undersøkti Fjærland. Ekspertaneslår fast at også dettedyret er drepe avbjørn. FOTO: EINARFORTUN