— Meiningslaust, seier stortingsrepresentant Arne Sortevik, Frp, som har sete i transportkomiteen. Sortevik har sendt brev til samferdsleminister Liv Signe Navarsete der han spør kva ho vil gjera for få driftsutgiftene ned.

Den konkrete bakgrunnen for brevet er Statens vegvesen sin gjennomgang av bompengeselskapa sine rekneskapar for 2007. Då betalte bilistane inn ca. fire milliardar kroner frå 45 bompengeprosjekt spreidd over heile landet.

Driftskostnadene summerte seg til 526 millionar kroner, eller 13,1 prosent.

- Flottar seg

  • Det er mykje pengar, som heller kunne vore brukt til veg, seier bompengemotstandar Arne Sortevik.

Han blar i papir og finn at bompengeinntektene for 2008 er rekna til 4,9 milliardar. For 2009 reknar Statens vegvesen med 5,7 milliardar kroner i bompengeinntekter.

Dersom vi legg til grunn at driftskostnadene held seg rundt 13 prosent, vil drifta av norske bompengeselskap i år koma opp i nær 750 millionar kroner.

  • Det alvorlegaste med dette, meiner Arne Sortevik, - er at Statens vegvesen må ta opp att same kritikken år etter år. For høge honorar, for mange styremedlemmer i selskap med få og enkle arbeidsoppgåver, utgifter til unødvendige føremål. Kort sagt, mange bompengeselskap flottar seg med bilistane sine pengar.

Eit minstekrav

  • Etter 2005 har samferdsleministeren og regjeringa utvida bruken av bompengar kraftig. Då må det vera eit minstekrav at pengane vert brukte til veg, og ikkje til administrasjon.

Med bakgrunn i dette meiner Sortevik det er ekstra leit at dei borgarlege partia på Stortinget ikkje kan samlast om finansiering av vegar og jernbane utan bruk av bompengar.

  • Så langt er det berre vi som har dei finansielle verktøya som skal til. Statlege lån, infrastrukturfond og omorganisering av Jernbaneverket og Statens vegvesen til selskap. Men vi har merka oss at også Kristeleg Folkeparti no vil ta i bruk slike verktøy, seier Arne Sortevik.
JOHN LINDEBOTTEN (ARKIV)