Det tyske ekteparet var på fisketur i Sognefjorden ved Kvamsøy tysdag klokka 18.

Høyrde forferdeleg smell

– Vi låg på fjorden og fiska då vi høyrde eit forferdeleg smell. Så såg vi bilen gå kast i kast ned fjellsida i fjorden, seier Gewald Wagner til NRK Sogn og Fjordane.

Over autovernet langs vegen 29 meter høgare opp kom ein bil med tre unge menn. Bilen hadde køyrd utfor vegen i ein sving like etter å ha passert ein trailer. Ekteparet såg bilen søkke i fjorden utan at nokon kom seg ut.

Les også: — De hadde griseflaks

– Vi køyrde rett bort, men før vi var komne fram hadde ungdomane kome seg ut, fortel Wagner til NRK.

Klengde seg fast til svaberg

Dei tre mennene på 23, 21 og 27 år kom seg ut mens bilen var på veg ned i sjøen.

Les også: - Nå dør jeg, tenkte jeg

Dei tre klengde seg fast til eit svaberg då ekteparet Wagner kom til.

– Vi køyrde inn til fjellsida og fekk dei tre om bord. Den eine såg svært skadd ut i eine skuldra, fortel Wagner til NRK.

Til sjukehus

Ekteparet fekk dei unge mennene trygt til kai ved Kvamsøy. Alle vart tekne hand om av ambulanse og sendt til Førde sentralsjukehus med lettare skader.

Det er rutinemessig innleia etterforsking i saka og teke blodprøve av bilføraren.

– Saka etterforskast som eit trafikkuhell, og då etterforskast det på breiast mogleg måte, seier politifullmektig Tor Teige i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Årsaka ikkje klar

Han vil ikkje kommentere om nokon er sikta i saka.

– Av omsyn til etterforskinga vil eg ikkje kommentere det, seier Teige.

Årsaka til utforkøyringa er framleis ikkje klar. Fleire vitne meiner bilen hadde stor fart, men mennene i bilen meiner dei vart pressa av vegen av traileren.

Bilen dei tre sat i skal ifølgje politiet høyre til ein av dei.

Robert Jan Leerink
I FJORDEN: Bilen vart liggjande på rundt 11 meters djupne.
Lars Jonas Pedersen