— Kristeleg Folkeparti er med og set sitt preg på den politikken som gjeld kultur, alkohol, genteknologi, verdispørsmål, fridomen til å velja oppdragingsform for borna og u-hjelp. Difor meiner eg partiet bør halda fram i regjeringa, seier KrF sin lokallagsleiar i Sogndal, Per Osvald Bøthun, til Bergens Tidende.

Lokallagsleiaren i Stryn, Alv Bergseth, ser det på same måten, men samstundes litt annleis.

— Partiet isolert sett er mindre tent med å vera innanfor regjeringa enn utanfor. Men vi må og sjå på kva som er best for landet. Det ville vore verre dersom KrF ikkje var med i regjeringa seier Bergseth.

I Hordaland meiner lokallagsleiarane Inge Ree i Fjell, Pål Kårbø i Bergen sentrum, Magne Rolfsnes i Bømlo, Inge Hystad i Stord og Vigleik Stoveland i Askøy at Kristeleg Folkeparti alt i alt har mest å tena på å vera med å ta ansvar, sjølv om det kostar.