Fylkesordføraren er vonbroten over at den viktigaste forvaltningsreforma på lange tider er eit ikkje-tema i denne valkampen. Men sjølv prøver ho så godt det let seg gjera å skapa interesse for saka.

– Eg snakkar mykje om regionane der eg ferdast. Men eg har ikkje høyrt eit pip frå stortingsrepresentantane som elles deltek i valkampen. Eg tykkjer dette er veldig rart, men eg finn ikkje noko svar på kvifor det er så liten interesse for dei endringane vi står framfor. Det er jo ikkje meir enn drygt to år til endringane skal tre i kraft, seier Selsvold Nyborg.

– Det er vanvittig!

– For å seia det rett ut: eg tykkjer det er vanvittig å ha ein valkamp for fylkestinget utan at regionreforma vert drøfta, seier ho, og legg til:

– Endeleg har vi ein historisk sjanse til å gjera noko med den sterke og aukande sentraliseringa vi har vore vitne til. Vi som er aktive i lokal— og regionpolitikken ser kor viktig det er å få større sjølvråderett.

Fylkesordføraren nemner eit blodferskt eksempel på regional vanmakt som ho meiner det må gjerast noko med:

– Når samferdselsministeren kan koma hit og ikkje lova ei einaste statleg krone til E39 mellom Svegatjønn og Rådal, som vert éin milliard kroner dyrare enn kalkulert, kan vi rett og slett ikkje finna oss i det. Bilistane betaler trass alt 80 prosent av vegutbygginga med bompengar.

– Må ikkje partia heller gå i seg sjølv? Dei gjer tydelegvis ikkje noko for å setja regionreforma på dagsordenen?

– Nei, det er rett. Dei konsentrerer seg om dei enkle sakene som dei trur dei vinn veljarar på, seier ho.