I boka «Terjes kjøkken» som kjem ut i dag, skriv Ness mykje om oppveksten i Sunnfjord, og kor viktig den har vore for at han blei ein av verdas beste kokkar. Men for Ness er det uaktuelt å flytte tilbake til Førde no. Han meiner det ikkje finst marknad for ein gourmet-restaurant i heimbyen.

— Kva er det som går i Førde? Så vidt eg veit er det snart berre fastfood og pizzarestaurantar som overlever. Hadde eg derimot vore sjef for McDonalds, kunne eg tenkt å satsa i Førde, seier Ness til Bergens Tidende.

Michelinguiden

Då Terje Ness gjekk til topps i den internasjonale kokkemeisterskapen Bocuse d'or i 1999, blei han den andre nordmannen som vann det som blir omtala som verdsmeisterskapen i kokkekunst. Ness var då kjøkkensjef på den kjende Oslo-restauranten Bagatelle. Ikkje lenge etter opna Ness sin eigen restaurant, Oro, i hovudstaden. Oro fekk på rekordtid ei stjerne i den prestisjetunge Michelinguiden, og er blitt karakterisert som ein av verdas beste restaurantar.

Ness har henta mykje av råstoffet til maten på den berømte Oslo-restauranten i heimfylket, og også blitt heidra med fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare sagt at han gjerne kunne tenkje seg å flytte heim til Førde.

— Eg får heile tida spørsmål om eg ikkje snart skal flytte tilbake. Difor har eg valt å skrive litt om det i boka, fortel Ness.

Per dags dato ser han ingen sjanse for å gjere sunnfjording av seg att. Det vil rett og slett ikkje gå.

— Folk i Førde tek seg ikkje tid til å gå ut og ete skikkeleg mat lenger. Eg veit ikkje kva som er grunnen, konstaterer Ness.

Lagt ned

Matkunstnaren viser til at fleire serveringsstader som var i Førde då han voks opp, er lagt ned dei siste åra. Pikant, ein restaurant som opna for nokre år sidan og satsa på kvalitetsmat, gjekk konkurs to gonger, og har no endra konseptet. Og på Sunnfjord Hotell, der Ness sjølv gjekk læretida si, planlegg dei i samband med ei pågåande ombygging endringar i drifta ved restauranten Baronen.

— Då eg gjekk i lære på Sunnfjord, gjekk Baronen så det susa. Det var fullt kvar kveld heile veka. Etter det eg har forstått har dette endra seg mykje dei siste åra.

Skikkeleg mat heime

Meisterkokken utelukkar ikkje at ein av grunnane kan vere at sunnfjordingar, og vestlendingar for den saks skuld, heller brukar meir tid på å lage mat heime enn å gå ut.

— Eg har lurt litt på kvifor så godt som heile det norske kokkelandslaget består av vestlendingar. Eg trur det kan ha med å gjere at det blir laga meir skikkeleg mat heime.

I boka legg også Terje Ness svært stor vekt på å fortelje at matkulturen han opplevde i oppveksten, er basisen for at han er blitt ein av verdas fremste kokkar.

— Det er kanskje den viktigaste delen av heile boka, seier Ness.

FLYTTAR IKKJE HEIM: - Det er berre marknad for fastfood i Førde, seier Terje Ness. Kokkekunstnaren, som fekk kulturprisen for Sogn og Fjordane for nokre år sidan, trur ikkje han ville klart å drive ein restaurant med skikkeleg mat i Førde.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH