— Nesten ingen vil høyra på oss. Men vi representerer folket, kommunane - og gjerne fornuften også, seier leiar av Forum Nye Bergensbanen, ordførar Bjørn Christensen på Voss.

Han er redd for at vi no går inn i ei lang utgreiingsperiode utan pengar til opprusting av Bergensbanen. Ei opprusting han meiner er naudsynt også om det i framtida kjem lyntog i tillegg.

Småpengar vestover

— To prosent av investeringane i norsk jernbane går til lina mellom dei to største byane i landet. Det aller meste går til prosjekt austpå. Tek vi ikkje eit skikkeleg grep no, kan dette halda fram lenge, seier Christensen

Fredag 19. januar samla han dei fremste togentusiastane langs Bergensbanen til strategimøte på Voss. Kursen mot jernbanekonferansen i Oslo 6. mars skal stakast ut, og innspel til rulleringa av Transportplanen skal lagast.

Forum Nye Bergensbanen (FNB) er minst redd for prosjekta i Bergen. Pengar til både Bergen og Arna stasjonar, og dobbeltspor mellom dei, ser no ut til å koma.

Åtvarar mot omkamp

Verre er det på Ringerike. Her kan lokal usemje hindra at Ringeriksbanen, første etappe med høgfartsbane mellom Bergen og Oslo, vert bygt. Stortinget har vedteke traseen over Åsa på austsida av Steinsfjorden, men i Hønefoss vil dei den kortare, billegare og betre lina over Kroksundet (ved Sundvollen Hotell), og krev omkamp. Framlegg om firefelt bilveg over same sundet har gitt dei vatn på mølla.

— For oss vestpå spelar det mindre rolle kva for eit alternativ som vert bygt. Problemet er at dei må bli einige der borte, så vi kan koma vidare, seier Vossaordføraren.

— Det faktum at Stortinget har gjort eit vedtak, er ei fane som vi må halda høgt, skal vi vinna fram, seier nestleiaren i FNB, ordførar Jan Hallvard Brekko på Gol.

— Når Stortinget har sagt Åsa, så er den lettast å vinna fram med, særleg fordi miljøargument vann fram, legg han til.

Lynraskt til Trondheim

Brekko får støtte i dette synet av tidlegare stortingsrepresentant og Bergensordførar Ingmar Ljones.

Han var på Voss i går for å orientera Forum Nye Bergensbanen om innspelet sitt i lyntogdebatten (omtala på bt.no 2. januar i år).

Ljones vil bygga ny høgfartsbane mellom Gol i Hallingdal via Fagernes i Valdres til området mellom Vinstra og Sjoa i Gudbrandsdalen. Det gir raskt togsamband mellom Bergen og Trondheim.

— Innspelet er ein reaksjon på dei tyske konsulentane si prioritering av ei line til Trondheim gjennom folketomme Østerdalen, seier Ljones.

Etter hans meining må Trondheimstoget baserast på Dovrebanen (med arm til Åndalsnes), men det er nok å bygga ei felles line frå Oslo til Gol (der Ringeriksbanen inngår). Frå Gol kan eitt tog gå til Bergen og eitt til Trondheim.

Nye lokaltog

John Martin Jakobsen orienterte om det fylkeskommunale utgreiingsprosjektet Nye Vossebanen, som i denne samanhengen strekk seg heilt til Myrdal. Her er det påvist ein investeringstrong på 1,8 milliardar kroner i infrastrukturen.

Marit Petersen i NSB fortel at selskapet har bestemt seg for å kjøpa inn nye lokaltogsett til Vossebanen. Sidan det vil ta noko tid med vedtaks- og innkjøpsprosedyre i tillegg til byggjetida, skal eksisterande materiell gjennomgå enda ei opprusting.

TOGENTUSIASTAR: Dei tidlegare Bergensordførarane Kristian Helland og Ingmar Ljones reiste til Voss for å så eit slag for Bergensbanen. Her flankert av John Martin Jakobsen (t.v.) som utgreiar ei vitalisering av Vossebanen, og Marit Petersen i NSB. Helland (nr. 2 frå venstre) er styremedlem i Forum Nye Bergensbanen.
Arne Hofseth