— Bergen kommune er dårlegast i klassen på dette området. Dei siste åra har dei gjort ein mikroskopisk innsats for å skaffa nok bustader til dei utviklingshemma, hevdar fylkesleiar Oscar Eide i Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU).

Låneopptak

Han meiner behovet for fleire HVPU-bustader er skrikande, men er usikker på om kommunen evnar å leggja tilbodet skikkeleg til rette.

Han tykkjer Asgeir Sivertsen på Austevoll er eit strålande eksempel på kva som går an å få til på eiga hand.

— Dei utviklingshemma har heldigvis status som trygdeobjekt. Gjennom bustadstøtte og trygd har dei dermed høve til å finansiera eit låneopptak, seier han.

Manglar finansiering

Helse- og omsorgsbyråd i Bergen, Trude Drevland, tek Eide sin kritikk med ro.

— Hans jobb er nettopp å leggja press, og det har eg all respekt for. Samstundes vil eg presisera at dette er eit felt som har breiddefokus i mitt budsjett fram mot 2010, fortel ho.

Dei neste tre åra skal Bergen kommune byggja 55 nye HVPU-bustader.

— Bystyret har gjort vedtak om 227 bustader innan 2011, men dette gjenstår å finansiera, seier Trude Drevland.

Det totale talet på utviklingshemma i Bergen er i følgje Drevland rundt 1100.