Er forbrenning eller deponering best? Miljøverka og naturvernarar klarer ikkje å bli einige seg imellom.

— Å brenne alt i forbrenningsomnen slik det blir gjort i Bergen er å sløse med ressursane, seier Kåre Flatlandsmo ved Indre Hordaland Miljøverk (IHM) på Voss.

For medan BIR i Bergen brenn alt restavfallet samla inn frå husstandane, går avfallet til innbyggjarane i indre Hordaland rett på fylling. Mesteparten blir sortert ut, som matavfall og plast.

Men frå 2009 vil det - dersom Statens forureiningstilsyn (SFT) får viljen sin - ikkje lenger vere tillate å deponere nedbrytbart avfall. I praksis vil det seie matavfall, papir, tre, tøy og slam.

I Sverige vart eit slikt deponiforbod innført i 2005.

Held fram med fyllinga

— Vår intensjon er å halde fram med deponeringa. Heilt oppriktig, det er god miljøpolitikk å deponere avfall. Sidan det er dyrt å lagre, må vi skjerpe oss for å sortere ut mest mogleg. Men vi har framleis mykje å gå på, seier Flatlandsmo.

Håpet hans er at ny teknologi gjer det mogleg å reinske ut så mykje at berre ein liten rest er igjen. Først då er det greitt å brenne, meiner Flatlandsmo.

Han får støtte frå miljøorganisasjonen Greenpeace. Også der er skepsisen mot brenning av restavfall stor, ifølgje leiar Truls Gulowsen.

— Det blir alltid forureining med forbrenning. Når du ikkje veit kva som er i restavfallet, blir det problematisk. Både i botnfallet og i filteret blir konsentrasjonen av giftige stoff mykje større enn i originalen, seier han.

Gulowsen fryktar at det blir mindre sortering og gjenvinning når restavfallet blir brent til aske.

— Både innbyggjarane og miljøverka er sløvast der det er forbrenningsanlegg. Det er mange mindre plassar som løyser miljøproblema betre, seier han.

Metanstraum

Eit lite kraftverk drive av metangass er blant gjenvinningstiltaka på deponiet til Indre Hordaland Miljøverk i Voss kommune. Metangass er ein av syndarane i klimasamanheng, og bakgrunnen for at SFT vil forby deponering av restavfall. Gassen blir danna på opne fyllingar med av organisk avfall.

På Voss blir rundt halvparten samla opp. Eit lite gassaggregat produserer nok straum til å drive deponiet på Bjørkemoen, i tillegg til å selje litt til energiverket i kommunen. Men resten av gassen stig mot ozonlaget. Håpet til dagleg leiar Flatlandsmo er å få mindre metangass. Det skal han få til med meir sortering og graving av kanalar inn i restavfallet.

— Vi er innstilt på å jobba hardt for å få deponiet til å fungera optimalt. Det blir heilt feil å gje opp gjenbrukstanken, seier Flatlandsmo.

Med mindre deponiet får dispensasjon, blir det truleg kroken på døra etter 2009.

Manglar planar

Også i Fjell kommune går restavfallet på fyllinga. Som for Voss er 2009 og deponiforbodet problematisk.

— Vi held på å greie ut ulike alternativ. Men vi veit ikkje kva vi skal gjere heilt endå, seier Arne Tuvin. Han er fagleiar for renovasjon i Fjellvar, kommunens forlenga søppelarm.

Medan Greenpeace er uroleg for gjenvinning i framtida, er ikkje bekymringa delt av SFT.

— Vi trur ikkje at kommunar som allereie kjeldesorterer vil bli dårlegare, seier seniorrådgjevar Pål Spillum i tilsynets avfallsseksjon.

Han ønskjer ikkje at deponiforbodet skal bli ei tvangstrøye for kommunane.

— Det kjem til å bli ulike løysingar. For Bergen sin del blir det mykje som før. Men for deponia blir det slutt. Sjølv med metanoppsamling er det uansett for store metanutslepp.

METANVERK: På Bjørkemoen i Voss kommune lagar leiar i Indre Hordaland Miljøverk (IHM), Kåre Flatlandsmo, straum av metangass danna av restavfallet. Frå 2009 blir det slutt på deponering av restavfall. Frå v. prosjektleiar Gunnar Bråten, IHM, anleggsleiar Jan Kvingedal, Spilde AS, oppsynsmann Nils Gjeraldstveit, IHM, dagleg leiar Kåre Flatlandsmo, IHM, styreleiar Kristian Østrem, IHM, og fylkesmiljøleiar Terje Aasen, Hordaland.