PER MARIFJÆREN (foto)

Lokalpolitikaren Haave er blitt så frelst på Russland og ubåtar at han vil importere ein 106 meter lang ein, og stasjonere den i sjøen utanfor heimbygda Stavang i Flora kommune.

— Eg har investorar som er klar til å spytte inn seks millionar prosjektet. Men eg treng 20 millionar til, og det raskt, seier Haave. Ein mann som ikkje let seg hemme nemneverdig av konvensjonar i jakta på nye idear for å få opp aktiviteten i heimbygda Stavang.

Ubåtmuseum

Ubåt 667 er 106 meter lang og av konvensjonell dieseltype. Den ligg i opplag i Polarny på Kola og ventar på å bli hogd opp. Eller på ein kjøpar.

— Eg har den på hand til måndag, men håpar på å få litt lenger frist, seier han.

Ifølgje Haave er det berre tre igjen av denne typen ubåt. Får han ikkje kjøpt denne, er toget gått.

All utrusting om bord er øydelagt, og den sterkt rustskadde ubåten er ikkje farbar. Planen er å pusse fartyet opp ut- og innvendig i Russland, og derette slepe det til Stavang, Norge.

— Det blir eit fantastisk museum. Eg skal støype den fast på tre betongsoklar her ute i sjøen.

— Men må du ikkje ha offentleg godkjenning til slikt?

— Jo. Men først må dei jo få ferdig kommunedelplanen for Stavang, så får vi sjå, seier Haave.

Ubåtideen ikkje Haaves første som har hausta hånflir så vel som vantru i nærmiljøet. For eit par år sidan ville Haave starte eit stort kasino i Stavang, og sver på at han skulle realisert planen om ikkje norsk lov stoppa han. Men jantelova tek denne mannen ingen omsyn til.

— Dei må berre le. Eg unnar folk ein god latter.

Russarven og høgremann

Vi har kome til Stavang i bil, og Haave helsar oss med det russiske flagget. Inne er stova dekorert med russiske gjenstandar, suvenirar og symbol. På eine veggen heng eit stort, førkrigs fløyelsflagg med kyrillisk skrift og Lenin i profil.

Haave representerer Høgre i Flora bystyre. Men er ikkje berre glad for alt rikspartiet foretar seg om dagen.

— Eg ville vise at eg kunne komme inn i bystyret på tre veker, og melde meg inn i Høgre. Men eg slit med å sympatisere med dei, seier politikaren Haave.

— Kva er det så med deg og Russland?

— Ein i familien gifta seg russisk, og eg sat her inne i stova og la ut i det vide og breie overfor kona hans om kor svært og fint alt var i USA. Ho sa eg burde verkeleg dra ein tur til Russland også.

Haave er ikkje blant dei som avslår ei utfordring, og drog til Kola, ifølgje han sjølv full av vestlege kaldkrigsfordommar og redsle overfor bjørnen i aust.

— På den første turen var eg altfor livredd, men på den andre byrja eg å forstå kva dette handla om, fortel han.

— Og det er?

— Hjartevarme, gjestfridom. Det er eit folk som ikkje er blitt tatt rotta på av Rimihagen og McDonalds og slikt. Eit folk som er stolte, og som tek vare på historia si. Dei vernar om dei verdiane vi her i rike Vesten fjernar oss stadig meir frå. Eg har fått stor respekt for russarane, og har mange vener der.

Han har besøkt landet ei rekke gonger, blant anna med bil full av vannscooter og leiketøy.

— Eg har tre russiske barneheimar som eg forar med leiker og pengar, seier handelsmannen.

Vannscooter-admiralen

Forutan Russland og ubåtar har Haave ein annan stor lidenskap, og denne galskapen har han tenkt å lufte på ein fin haustdag som dette.

Vannscooteren er på 800 kubikk, har 130 hestar og gjer over 50 knop på ein god dag med flat sjø.

Til ære for fotografen ifører han seg sin russiske marineoffisersuniform, ei gåve frå russiske vener. Lett modifisert til vannscooteradmiraluniform. Uniformer er også blant Haaves lidenskapar.

Han senkar scooteren på vatnet med ein gaffeltruck, og har fått uniformslua festa med fiskegut under haka.

På turen mellom Stavang og bystyremøta i Florø brukar han åtte minuttar med vannscooter - og det tredoble dersom han veg landevegen. Her skal det gå unna.

— Eg har vannskrekk, og kan heller ikkje symje, betrur han oss.

— Bør du ikkje ta på flytevest da?

— Utanpå uniforma? Er du aldeles tokig!

Han trer på seg eit par kvite hanskar, aktiverer sjølvstartaren og etterlet seg ein kvit vegg av sjøsprøyt og eksos idet scooteren skyt fart utover fjorden.

Nokre tyskarar har leigd seg feriehus på kaia i Stavang, og sløyer dagens fangst idet han skyt forbi og dusjar dei i sjøsprøyt.

— Der Mann ist verrückt!

Etter diverse rundar med posering og tylekjøring er Haave lukkeleg, men gjennomvåt.

— Er det eigentleg heilt lovleg å drive på med vannscooter?

— Lovleg? Det er jo ikkje eingong lov å tøtsje han. Derfor må eg gjere gjere det. Kva er skilnaden på dette og ein rask småbåt? Forklar meg det!