Heilt frivilleg gjekk ikkje studentane ved Høgskulen i Sogndal med på å rykke inn annonsen laurdag. Bakgrunnen var studentane si desember-prisundersøking i matvarebutikkane, også spreidd til alle husstandane i Sogndal gjennom studentavisa Røynda.

Reaksjonen kom raskt frå dei store matvarekjedene. Studentane hadde gjort alle feil som var muleg å gjera, både med og utan kalkulator.

Ingenting var rett

I den betalte eigenannonsen legg høgskulestudentane seg flate, og beklagar serleg at RIMI Sogndal har fått heilt misvisande prisplassering:

«Det viser seg i denne artikkelen om kvar det er billegast å handle matvarer i Sogndal å vera grove summeringsfeil, og ikkje noko samsvar mellom matvareslaga og prisane frå butikk til butikk» skriv studentane i den innramma, eigenbetalte annonsen over heile sida i Sogn Avis laurdag.

Åtvarar kundane

Studentane åtvarar vidare dei handlande i Sogndal på denne måten: «Røynda ber alle sine lesarar og matvarekundar om å sjå vekk frå denne artikkelen (i Røynda red. anm.), då han inneheld faktiske feil på alle punktar. Vi beklagar det inntrufne for alle dei involverte matvarebutikkane».

Gøy for 830 kroner

«Tenk så gøy du kan ha det for 830 kroner» skreiv studentane til alle husstandane i Sogndal tidleg i desember, og viste til det store avviket frå billegaste til dyraste matvarebutikk Problemet var altså berre at alt var feil. Ikkje ein gong summeringa av tal var rett i kolonnane for dei fem matvarebutikkane i Sogndal, der konkurransen er knallhard etter endå ei nyetablering i fjor haust.