OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bergens-tidende.noStordAdvokat Kjell Steinsbø har på vegne av etterlatne og overlevande sendt vidare nye opplysningar om "Sleipner" til Justisdepartementet og Sjøfartsdirektoratet. Rapporten teier Steinsbø og Alf H. Brekke i selskapet Senior Engineering ser ikkje bort frå at dei to spesielle baugbulbane eller knivane på "Sleipner" kan ha vore ei medverkande havariårsak som ikkje er nemnt i "Sleipner"-rapporten. "Sleipner"-bulbane er ikkje funne etter havariet, dei er heller ikkje omtalte i den offisielle rapporten. Dei nye funna som Kjell Steinsbø og hans rådgjevarar har gjort, kan føra til at den planlagte opphogginga av "Sleipner"-vraket 15.januar kan bli ytterlegare utsett på grunn av nye undersøkingar som skal gjerast. Stiller spørsmål — Vi stiller framleis spørsmål ved materialvalet og konstruksjonen til denne båttypen, seier Stord-advokat Kjell Steinsbø til Bergens Tidende. "Sleipner" og "Draupner" var utstyrte med spesielt lange baugknivar for å redusera fartøya sin friksjon i sjøen. Dei kan ifølgje Alf H. Brekke ha vore utsette for horisontalretta utmattingskrefter som dei ikkje tolte. Nye opplysningar Ein av mannskapa på "Sleipner" skal ha fortalt om ei spesiell skjelving i baugbulbane, og at ein så seint som på skiftet før den fatale turen 26.november 1999 måtte tøma baugspyda for vatn. Inspeksjon og lensing i denne delen av botnen kan ha vore medverkande årsak til at tilkomstlukene frå nedre salong ikkje var skikkeleg låste då "Sleipner" gjekk på Store Bloksa, trur advokat Steinsbø på bakgrunn av dei nye opplysningane som er innhenta så seint som for ein månad sidan. - Vi sender alle nye opplysningar fortløpande til direktorat og departement slik at dei i ettertid ikkje skal kunna seia at dette var ukjent for dei, seier Kjell Steinsbø.

Les også: Vond julehelsing til "Sleipner"-pårørande