Stordabu og fritidsfiskar Kristian Lunde reiste ut frå moloen på Leirvik klokke fire om morgonen torsdag. Han gjekk til søre Hidle-grunn og la seg der og fiska, og såg mot Huglo. Rundt halv fem såg han ein liten båt med påhengs kom tauande med ein stor båt. Han syntest det var merkeleg. Slepet stoppa opp ei stund på fjorden, men heldt så fram, fortel han til sunnhordland.no.

– Det gjekk ikkje fort. Berre to-tre knop, seier Lunde som følgde med.

– Kvifor følgde du med?

– Eg tenkte jo mitt. Taua ein båt på denne måten til Hidle på denne tida av døgeret? Kva er det då ein held på med? seier Lunde.

Fortøydd på Hidle

Kristian Lunde meiner og trur at båtslepet må ha kome frå Sævarhagsvikjo. Lunde flytta seg mot nordre Hidle-drøno. Då tapte han båtslepet av syne ei tid. Så såg han båtane att. Dei låg då fortøydde ved Hidle. Lunde såg dei slik klokka 06.30.

– Såg du personar om bord?

– Eg såg ein mann i den vesle båten, seier Lunde.

Avstanden var for stor til å sjå detaljar. Men Lunde meiner det godt kan ha vore ein liten Askeladden av den gamle sorten mannen sat i.

Ringde lensmannen

Då Kristian Lunde vel heime fekk høyra om båtbrannen ved Hidle, var han ikkje sein om å ringja lensmannen i Kvinnherad. Der tok Sigurd Børve imot tipset med takk.

Sidan korkje personar eller båtar er sakna etter båtbrannen, arbeider politiet no ut frå fleire teoriar.

– Det kan vera svindel med forsikring, eller nokon som av andre årsakar vil kvitta seg med ein båt. Det kan òg vera ein stolen båt nokon vil kvitta seg med, seier Børve. Han opplyser at politiet treng tips i saka, anten til Stord eller Kvinnherad lensmannskontor.

**Les og:

Cabincruiser er gått ned

Cabincruisar brann og sokk

Sjå bilete frå leiteaksjonen ved Hidle**