Det vart nesten handgemeng mellom Oddekalv og Jostein Berland, administrerande direktør i Vest Tank då dei to i går møtte kvarandre ved restane av dei to eksploderte tankane. Oddekalv og Norges Miljøvernforbund melde i går tankselskapet til Økokrim for det dei meiner er uforsiktig omgang med farleg avfall.

Oddekalv hevdar at gassen metylmerkaptan, som truleg er den som gjer innbyggjarane sjuke, kom frå skipet «Probo Emu». Metylmerkaptan er også kjent som metyltiol. Lasteskipet lossa avfall ved Vest Tank i fjor haust, og er søsterskipet til «Probo Koala» — som i august i fjor dumpa giftig avfall i Elfenbeinskysten.

Terrorgass i tanken?

— Det er det same typen avfall. Både sjukdomssymptoma og denne typen lukt går igjen begge plassar, påstår Oddekalv. I følgje han vart skipet nekta å losse avfallet i både Spania, Nederland og Estland - før båten kom til Sløvåg.

Om det verkeleg er metylmerkaptan som plagar Sløvåg, er det same gassen som vart brukt i eit terrorangrep ved eit kjøpesenter i St. Petersburg i 1995.

Oddekalv og Miljøvernforbundet meiner at denne gassen i alle fall var i ein av tankane som eksploderte. Det nektar direktør i tankselskapet, Jostein Berland.

— Oddekalv snakkar mot betre vitande. I tankane var det oljeprodukt, ikkje avfall, seier Berland.

I gårsdagens BT uttalte kjemiprofessor Jon Songstad ved Universitetet i Bergen at mykje tyda på at det som eksploderte var menneskeskapt, ikkje oljebasert.

Giftmasker

På eksplosjonstomta går framleis oppryddingsarbeidet for fullt. Vrengde restar av metalltankar som ein gong romma fleire tusen kubikkmeter, blir klipt opp og fjerna. I haugar, konteinarar og behaldarar ligg restane av det som var i tankane. Men at ryddemannskapet går med giftmasker, betyr ikkje at innhaldet er farleg, meiner Berland.

— Dette stoffet er berre farleg i konsentrerte mengder. Derfor må alle gå med giftmasker, seier Berland. I følgje han har ikkje innbyggjarane i Sløvåg noko å frykte frå gassen, som også han seier er metylmerkaptan.

Dataark frå produsentar av gassen klassifiserer den som helseskadeleg. Mellom anna skriv gassfirmaet Air Liquide at den er giftig ved innpusting.

Jostein Berland og Vest Tank ville i går gjengjelde politimeldinga ved å melde Miljøvernforbundet til politiet.

— Det ser ut som om ein blakk Oddekalv vil øydeleggje både eit lokalsamfunn og eit lokalt firma for å få publisitet. Det må få konsekvensar, seier Berland.

Valde, Vegar