Det var midt i førre veka at Kristin Halvorsen (SV) og Siv Jensen (Frp) fann kvarandre i eit oppsiktsvekkjande barnehageforlik.

SV og Fremskrittspartiet vil innføre maksiumsprisar på 1500 kroner i eigenbetaling på barnehageplassar frå årsskiftet. Prislappen vert inntil fem milliardar kroner.

— Flott tiltak, men vi har ikkje råd før år 2005, seier Dåvøy.

På årsmøtet i Hordaland KrF i går trøysta ho bekymra partifeller med at det enno er svært uklart korleis Ap stiller seg til forslaget.

Ho peika på at forgjengaren hennar i statsrådsstolen seinast for nokre dagar sidan sa at forslaget frå Frp pg SV vert for dyrt.

Stiller Arbeidarpartiet seg på regjeringa si side, får forslaget ikkje fleirtal i Stortinget.

Regjeringa har lagt opp til full barnehagedekning i 2005. Då skal også maksimalprisane vera på nivået som dei to fløypartia no ønskjer.

I Kristeleg Folkeparti er det mange som er bekymra over at ei senking av eigenbetalinga på barnehageplassar skal tvinga partiet til å redusera kontantstøtta.