• Å tilby einslege, mindreårige asylsøkjarar opphald i ein SOS Barneby er ei falitterklæring, meiner mottaksleiar Kåre Antonsen.

Leiaren ved Solbakken asylmottak er kritisk til utspela om å lage SOS Barnebyar for unge asylsøkjarar som kjem til Norge utan foreldra. Frå Odda er det alt søkt om å få opprette ein slik barneby.

— Prinsippet med ein barneby er at ungane skal bu der til dei er vaksne. SOS Barnebyar er eit kjempetiltak i utviklingsland. Men for ein rik nasjon som Norge bør vi kunne gje desse ungane eit tilbod som er betre. Plassering i stabile fosterheimar må vere betre.

Antonsen har stor sans for utspelet frå statsråd Laila Dåvøy om at einslege mindreårige asyl-søkjarar bør raskt ut i fosterheim.

— Barn på vaksenmottak er ei dårleg løysing. Men ein stad må dei vere før dei får fosterheim. Det må vere ein plass der det er lagt til rette for ungar. Dei må få eit spesialtilbod, slår mottakslei-aren fast, og legg ikkje skjul på at han meiner spesialavdelingen ved Solbakken asylmottak har fungert svært godt.

— Eg kan ikkje sjå kva ein SOS Barneby kan gje desse ungane som ikkje vi kan. På mange måtar er vi ein barneby. Men vi er ein mellombels barneby, ein plass ungane er før dei får ein fast heim.