BORGHILD BERGE

— Så lenge syklinga ikkje skjer i trafikken, gjer det ingenting om barn syklar før dei er seks år. Eg meiner generelt at barn har godt av å slå seg, skrubba seg og få nokre sår, seier Breivik.

I BT på laurdag uttalte overlege ved Haukeland universitetssykehus, Kari Schrøder Hansen, at barn under seks år ikkje bør sykla. Dette fordi barn som syklar har stor risiko for å få hovudskadar, skrubbsår og kutt.

Breivik stiller seg kritisk til dette, og hevdar at me gjer oss sjølve ei bjørneteneste ved å oververna barna våre.

— Det er svært viktig at barn får gjera sine eigne erfaringar, slik at dei klarar å meistra verda som vaksne. I samfunnet i dag er det eit enormt fokus på tryggleik for å unngå at barn skadar seg. Konsekvensane av dette er at barna vert usjølvstendige og meir pysete som vaksne. Skadar er med på å gje barn nyttig informasjon om kva som er farleg og ikkje, og gjer dei meir robuste.

Schrøder Hansen tek også til orde for å påby hjelm. Breivik på si side er imot eit hjelmpåbod.

— Det er bra at barn brukar hjelm i trafikken, men i trygge omgjevnader meiner eg personleg at barn godt kan sykla utan, seier Breivik.

Breivik er opprørt over at barn skal bli fråtekne gleda ved å sykla.

— Det er ikkje riktig å leggja lokk på all sykkelaktivitet berre fordi nokre barn vert skadde. For det fyrste er det dødsens kjedeleg, og for det andre fråtek ein barna ei enorm kjelde til spenning, utfordring og moro.

FAKSIMILE: I BT på laurdag uttalte overlege ved Haukeland universitetssykehus, Kari Schrøder Hansen, at barn under seks år ikkje bør sykla.