• Helse Vest tilslører dei faktiske konsekvensane av å kutte ortopedien, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Ho meiner sjukehuset står i fare for å rotne på rot dersom styret i Helse Vest følgjer tilrådinga.

— Dette vil få store konsekvensar for akuttberedskapen. Sjukehuset blir mindre attraktivt og det flinkaste fagpersonellet vil reise, trur Øien Hauge som meiner Helse Vest snakkar mot betre vitande når det i utgreiinga står at ortopedane i Lærdal også skal arbeide i Førde.

— Det er vel relativt klart at ortopedane vil dra dersom ortopediklinikken blir lagt ned, kommenterer ho.

Kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest seier det heile tida har lagt i korta at ortopediklinikken var eit tidsavgrensa tiltak.

— Vi hadde lange ventelister på slike operasjonar på Vestlandet. Tanken med å opprette ortopedien i Lærdal var å få ein del pasientar til å velje andre sjukehus, seier Sandal.

— Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har slått fast at Helse Førde ikkje kan prioritere ein bergensar framfor ein stryning for å oppfylle målet om inntening. Kvifor blei klinikken då oppretta?

— Eg trur nok vi kjende lovgrunnlaget. Når Helsetilsynet tolkar det slik at dette ikkje er i tråd med lov om pasientrettar, rettar vi oss etter det.

I Lærdal gjev dei ikkje opp utan sverdslag.

— Dette er eit banesår for sjukehuset, så vi må kjempe vidare. Vi vil kome med våre kommentarar, og kontakte både styremedlemer og andre politikarar før møtet neste veke, lovar Bente Øien Hauge.