Stryk-massakren ved lærarutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) har fått elevar ved den vidaregåande skulen i Førde til å kaste seg over oppgåvene.

Tre elevar prøvde seg på oppgåvene og fekk stå-karakter etter ein times jobb, skriv avisa Firda.

Matematikklærar Leif Hestad i Førde har gått gjennom svara til dei tre elevane og merkar "eksamen" til dei tre med ein stor lærar-R.

Lærarstudentane, der 73 prosent strauk i Sogndal, hadde fem timar på å løyse dei same oppgåvene.

Hestad karakteriserer oppgåvene lærarstudentane fekk som "banalt enkle".