• Både dei overlevande og pårørande til dei omkomne på MS «Rocknes» bad sjølve om å bli skjerma frå mediefolk og andre medan dei var i Bergen, seier Per Inge Hjertaker, innleigd pressetalsmann for Jebsen Management.

Han er opprørt over påstandane frå den filippinske fjernsynsjournalisten Henry Omaga Diaz, som i gårsdagens BT hevda at dei besøkjande filippinarane vart hindra i å ha kontakt med både media og landsmenn busett i Bergen.

— Påstandane er tatt rett ut av lufta, og vi reagerer veldig sterkt på dette, seier Hjertaker.

— Vi oppmoda dei tvert imot om å stille opp og fortelje om det dei hadde opplevd, og prøvde å forklare at det var stor interesse her i Noreg for å høyre deira historie. Vi diskuterte dette både i videokonferanser før dei reiste frå Manila og etter at dei kom hit. Men dei var heilt klare på at dei ikkje ville, seier Hjertaker.

Det kom også råd frå Senter for krisepsykologi og frå Nutec om å skjerme dei besøkjande, ifølgje Hjertaker.

Det praktiske vakthaldet vart organisert av vakter innleigd av forsikringsselskapet Gard. I tillegg var ei lita gruppe filippinarar i Bergen med og tok seg av gjestane.

— Dei var på ingen måte innesperra, eg møtte sjølv fleire grupper medan dei var ute og gjekk i byen, seier Hjertaker.

Han reagerer særleg sterkt på påstanden om at reiarlaget ikkje ville tillate kontakt med omverda.

— Vi vart aldri kontakta av Henry Omaga Diaz eller andre frå fjernsynsteamet, seier Hjertaker, som også dreg i tvil historia om at fjernsynsfolka måtte gjere eit anonymisert intervju med dei pårørande i skjul, midt på natta inne på eit hotellrom.

Kapellan Oddvar Moi i St. Paul kirke stadfestar at det var ein del filippinarar i Bergen som var skuffa over at ingen overlevande møtte fram til den første minnemessa.

— Det var mange som hadde håpa å få møte landsmennene som var komne til Bergen, seier Moi.

Ifølgje Hjertaker var det dei overlevande sjølve som ikkje ønskte å delta i denne gudstenesta.