— Vi kan ta buss til og frå skule, men elles er drosje einaste alternativet, seier Inge Fjellby (16) til Bergens Tidende.

Han bur på Meland i Holbygdi, ei av mange grender som ikkje har andre bussruter att, enn skulebussen.

— Har eg eit ærend på Vangen etter skuletid, så har bussen gått. Skal eg vitja vener eller vera med på noko om kvelden, er mopeden einaste måten å ta seg fram på for oss som er mellom 16 og 18 år, seier han.

Men Inge likar å køyra moped. Han er interessert i alt med hjul og motor.

— Får dødsulykkene deg til å køyra meir varsamt?

— Eg fekk ein støkk då Kenneth Skjoldli døydde i sommar. Når slikt skjer, tenkjer du sjølvsagt litt meir på at dette også kan henda deg. Eg tok det ganske roleg på mopeden ei stund etterpå. Men eg må vedgå at det ikkje sat i så veldig lenge. No er Andrè også borte, men eg veit ærleg talt ikkje om det vil påverka mi eiga køyring i lengda, seier Inge Fjellby.

Han kjende godt Andrè Vedaa Fjellanger frå ungdomsskuletida hans på Sundve.