HILDE KRISTIN STRAND

— Larssen er med på å bidra til å legitimera råkjøring, seier Ellevset.

I samtale med Sone2-programleiar Gaute Grøtta Grav snakka Jan Erik Larssen, programleiar i Autofil på NRK, om bilar og bilkjøring i programmet torsdag. Larssen fortalde at han veit kor og korleis han vert teken i fartskontroll. Han sa óg at han kjører for fort, men passar på å halda seg innanfor grensa for å missa førarkortet.

- Dumt å seia det

— Det var veldig dumt å seia dette, men eg fekk eit spørsmål om eg hadde fått fartsbot og syntest det var naturleg å følgja opp med å fortelja dette. Me var vaksne menneske som sat og snakka saman på direkten, og eg tenkte faktisk ikkje så mykje over at eg var i eit ungdomsprogram, seier Jan Erik Larssen. Han fortel at han ikkje har tenkt noko meir på saka i etterkant.

— Som dei aller fleste andre bryt eg fartsgrensene, men eg er ærleg om det. Det synest eg er viktig, seier Larssen. Han understrekar at han ikkje oppfordrar til å bryta norsk lov, og at han ikkje kjører for fort i tettbygde strøk, men berre på strekningar der han finn det forsvarleg.

- Tragisk

— Larssen må vera klar over den stillinga han har, og bør vera eit godt førebilete for andre. Eg synest det er synd at ein profilert person ikkje er medviten om kva ansvar han har, seier Leif Agnar Ellevset, direktør i Trygg Trafikk.

Ellevset seier at dersom folk hadde følgt trafikkreglane hadde ein redusert talet på drepne i trafikken kraftig. Og legg til at ein har ikkje regelverket for moro skuld.

— Haldningar som dei Larssen kom med torsdag treng ein minst av alt i dagens trafikk. Det er tragisk å leggja seg på dette nivået. Eg hadde trudd han var meir reflektert, seier Ellevset.

Larsen hevdar Ellevset og Trygg Trafikk har vore negativ til Autofil frå første sending.

— Hadde eg vore direktør i Trygg Trafikk og oppdaga at det kom eit bilprogram på fjernsyn ville eg prøvd å samarbeida om førebyggjande arbeid med dei som stod bak det. For det er foreldre som påverkar borna sine mest når det gjeld haldningar i trafikken, ikkje eg. Men Ellevset berre tordnar om at Autofil er det verste han har sett.

- Latterleggjer arbeidet

Heller ikkje Utrykkingspolitiet (UP) er glade for det Autofil-programleiaren sa i Sone2.

— Det er kanskje umedvite, men slike haldningar er med på å latterleggjera arbeidet med å sikra trafikken, seier Leon Nordanger, distriktsleiar i UP på Vestlandet.

Nordanger fortel at UP jobbar mykje med å endra folk sine trafikkhaldningar. Slike haldningar vert skapt tidleg.

— Ein person som opptrer i tv-ruta har stor påverknadskraft. Og ungdom som gjerne har eit litt skeivt bilete av trafikk og trafikktryggleik frå før er lette å påverka. Dei haldningane Larssen signaliserer her er i strid med våre, seier Nordanger.

Ikkje akseptert i Autofil

Ivar Ragne Jenssen, prosjektsjef i underhaldningsavdelinga i NRK, seier at ein ikkje ville akseptert denne måten å uttala seg på i Autofil.

— Det hadde vist andre haldningar enn dei me ønskjer å stå for. Men no vart desse tinga sagt som svar på eit direkte spørsmål, og Jan Erik er ein ærleg kar som ikkje lyg. Tonen var óg jovial og gutete.

Jenssen understrekar at denne saka ikkje kjem til å få konsekvensar for programleiaren. Sjølv seier Larssen at han ikkje har fått reaksjonar på programmet.

— Det kjem ofte reaksjonar på internett med ein gong, det har det ikkje kome no.

REAKSJONAR: Jan Erik Larssen, her på Hunderfossen på kjørekurs, sine kommentarar om fart har fått både Trygg Trafikk og Utrykkingspolitiet til å reagera.<p/> ARKIVFOTO: LARS H. JACOBSEN