– Sett i forhold til den korte elvestrekninga, var Aurlandselvi ei utruleg fiskeelv. Når det gjeld sjøaure, snakkar vi om eit vassdrag som var unikt på kloden, seier sportsfiskar Bjørn Ivar Vasaasen.

I Aurlandselvi er det ført fangststatistikk tilbake til 1876. I 1969 nådde fangsten toppen. Det året blei det teke 4,5 tonn sjøaure og 820 kilo laks. Same året tok kraftutbygginga til. Frå midt på 1980-talet, då den veldige utbygginga av Aurlandsdalen på det næraste var ferdig og kraftanlegga sett i drift, kom tilbakeslaget.

Ein sjøaure i døgnet I 1989 blei laksefisket stengt. Det har aldri vore opna sidan. Fangstane av sjøaure er ein brøkdel av det det var for ein mannsalder sidan. Også på aurefisket er det innført restriksjonar. Fiskarane får berre lov til å lande ein sjøaure per dag, får dei meir skal fisken setjast ut att. I realiteten har det ikkje vore noko problem, fordi fiskarane ikkje har fått ein fisk i døgnet siste åra.

– Fleire fiskar i elva no enn for 100 år sidan – med langt betre utstyr. Likevel blir det altså teke mykje mindre fisk. Det i seg sjølv fortel at noko er gale, seier Vasaasen.

Lillehammermannen har fiska i elva sidan gutedagane, og skrive hovudfagsoppgåve om britisk sportsfiske som historisk fenomen her i landet. Vasaasen er ein av sportsfiskarane som engasjerer seg for å berge fiskestammane.

Engasjerte sportsfiskarar Ideen om å føre det kalde fjellvatnet i tunnel utanom Vassbygdvatnet, kom opphavleg frå sportsfiskemiljøet.

– Vi er ein del som har prøvd å bidra med å tenkje litt kreativ. Forskarane seier stammen av sjøaure i elva framleis er stor nok til å reprodusere seg sjølv. Samstundes opplever vi den veldige nedgangen i fisket som dramatisk, seier Vasaasen. Han meiner alle partar no må ta eit krafttak for å ta vare på Aurlandselvi som sportsfiskeelv.