Laurdag 25. oktober vart Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) skyssa heim til huset ho budde i på Årøy utanfor Sogndal.

Sidan har ingen sett henne, og fredag ettermiddag fann ein turgåar ei død kvinne i Barsnesfjorden, ikkje langt frå der Stegegjerdet budde. Kvinna er enno ikkje formelt identifisert, men 22-åringen er den einaste sakna personen i området.

— Hadde det ikkje bra

Sogn Avis har snakka med mannen som køyrde Stegegjerdet heim, og som av politiet har vorte peika ut som eit viktig vitne. Han seier til avisa at han var saman med venninna si frå fredag til laurdag.

— Eg har gått fleire rundar med meg sjølv. Og det eg angrar mest på er at eg køyrde henne heim den føremiddagen og overlèt henne til seg sjølv, seier mannen, som ønskjer å vera anonym.

Han melde seg raskt til politiet då 22-åringen vart meld sakna, tre dagar etter at han hadde sett henne av ved heimen.

— Ho hadde det nok ikkje heilt bra den dagen. Ho var med meg heile fredag og natt til laurdag. Og ville ikkje at eg skulle gå frå henne, seier han.

Obdusert laurdag

Ifølgje NRK vart Stegegjerdet utsett for trugsmål og eit tilfelle av vald før ho forsvann. Trugsmåla skal ha kome frå eit spesielt miljø, men politiet ønskjer ikkje å kommentera NRKs opplysningar.

Venen skildrar Stegegjerdet som ei smilande, imøtekomande og pliktoppfyllande jente, som likte seg godt i naturen.

— Eg er nok den personen ho har prata mest med og opna seg mest til, og ho har ikkje hatt det enkelt til tider, seier mannen til Sogn Avis.

Den døde kvinna vart obdusert ved Gades institutt i Bergen laurdag. Politiet vil tidlegast søndag gå ut med dødsårsak, og vil dermed heller ikkje spekulera i om kvinna kan ha vore utsett for vald før ho døydde.

— No ventar vi på rapporten frå Gades og dei opplysningar den gir oss. Vi kan ikkje forskottera noko i den eine eller den andre retninga, seier regionlensmann Asle Karoliussen til BT.

To etterforskarar frå Kripos har reist til Sogndal for å hjelpa politiet. I tillegg var to tekniske etterforskarar frå same etat til stades under gårsdagens obduksjon i Bergen. Politiet vil ikkje seia om dei omfattande undersøkingane i og rundt kvinnas hus den siste veka, har gitt resultat i form av konkrete spor.

Søkte i same fjord

Familien til den sakna 22-åringen har hatt tøffe dagar, fortel deira bistandsadvokat.

— Dei held seg til den informasjonen vi får frå politiet. Kvinna som vart funnen er ikkje identifisert, men det er klart at dette er ein vanskeleg dag for familien. Uavhengig av dagens funn er det framleis fleire spørsmål enn svar, sa bistandsadvokat Synne Catrin Øren til BT fredag kveld.

Den døde kvinna vart funnen i eit område politiet hadde søkt gjennom med sonar tidleg i leitinga etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet.

— Det er kjent at dette er eit område der det var vanskeleg å søka med sonar, seier regionlensmann Karoliussen.

Fleire høve knytt til refleksjonar, fjellformasjonar og fjordbotnen skal ha skapt sonarskugge.

— Det kan forklara at det vart gjort søk her utan at kvinna vart funnen, seier Karoliussen.