KJERSTI MJØR

— Å køyre ambulanse er ein av Norges tøffaste jobbar. Då er det heilt avgjerande at personellet får konsentrere seg fullt og heilt om akuttmedisinsk behandling, seier Jarle Vikebø til BT. - Men når det er så mykje uro internt at ambulansepersonellet kan få problem med å konsentrere seg om jobben, kan det i verste fall gå utover pasientane.

I går skreiv BT at åtte tilsette i Vest Ambulanse er blitt sjukmelde i løpet av ei dryg veke. Slitasje på grunn av stort arbeidspress og samarbeidsproblem med leiinga skal ifølgje hovudverneombodet vere årsak til mange av desse sjukmeldingane. Førre veke vart hovudtillitsvald utestengt frå arbeidsplassen.

Vikebø er ikkje i tvil om at ansvaret ligg hos Vest Ambulanseleiinga.

— Definitivt. Klart at leiinga har eit problem når så mange er totalt utslitne og nedkøyrde. At ein hovudtillitsvald blir suspendert, manglar dessutan sidestykke, meiner Vikebø.

Det nyetablerte, kommersielle selskapet vann anbodskonkurransen om sjuketransporten i Fjell, Sund, Askøy og Øygarden, og vart tildelt oppdraget av Helse Bergen HF ved nyttår. Vikebø er prinsipielt skeptisk til at ambulansetenesta blir sett ut på anbod.

— Pris og kvalitet heng saman. Ei teneste som denne er avhengig av høg kvalitet, og det får ein ikkje ved å akseptere skambod. Helse Bergen må sørgje for at selskap som får slike oppdrag, fungerer organisatorisk godt i høve til lovverket, slik at personellet kan få konsentrere seg om å gjere jobben sin.

Men etter hans meining bør Helse Bergen drive all ambulanseteneste sjølv.

— Då vil ein få ei einheitleg, organisatorisk drift, der ambulansepersonell får same rettar som andre i helseføretaket.

I dag er det møte mellom Vest Ambulanse og hovudtillitsvalde Helge Eriksen, som er utestengd. Han møter med KFO-advokat. Yngve Glent.

— Det er veldig sjeldan at ein hovudtillitsvald blir mellombels permittert frå jobben sin på denne måten. Det har eg knapt høyrt om før, seier Glent til BT.

— Vårt utgangspunkt for møtet torsdag er å rydde opp i saka, slik at den hovudtillitsvalde kjem tilbake i arbeid igjen.