• Kraftutbygginga vil amputera den planlagde nasjonalparken på Folgefonna. Dette var eit skuffande vedtak av NVE, seier Tom Sverre Tomren, styreleiar i Naturvernforbundet Hordaland, til Bergens Tidende.

Han appellerer til regjeringa, med miljøvernminister Knut Arild Hareide i brodden, om ikkje å følgja rådet frå NVE, men avvisa utbygginga av Eitrheims— og Tokheimsvassdraga i Odda.

Tomren har støtte hjå naturvernkonsulent Sølve Sondbø i Bergen Turlag.

Dei krev at regjeringa må seia nei til vidare kraftutbygging for å ta vare på heilskapen, med vern også av vassdragsnaturen.

Tomren ser ikkje på ein samanhengande nasjonalpark på Folgefonna som ei tapt sak. Om det blir nasjonalpark eller vasskraftutbygging i Odda, skal avgjerast av regjeringa.

Naturvernforbundet Hordaland meiner at den vakre og dramatiske naturen må sikrast for framtida gjennom vern av Folgefonna som nasjonalpark. Noreg har både nasjonalt og internasjonalt ansvar for å ta vare på slike område. Folgefonna er makelaus; ein bre med fjordar på tre kantar.