• Reglane er helt klare på at kommunale oppdrag skal ut på anbod, seier jussprofessor.

— Kommunen er ein stor kjøpar, og måten han opererer på har stor tyding for leverandørane på marknaden, seier Olav Kolstad, professor ved Universitetet i Oslo.

Anbodsreglar skal sørgje for å etablere konkurranse om oppdrag.

— Målet er at alle tilbydarar skal ha sjanse på marknaden, ein vil unngå at det vert laga hoffleverandørar utan dei rette kvalifikasjonane, seier Kolstad.

Han ser alvorleg på at revisjonen har funne regelbrot hos kommunen.

— Det høyrest ut som store kontraktar ikkje vert lagt ope ut, men tildelt. For kommunen kan det bety at dei betalar meir for tenestene, medan andre konsulentselskap som kunne levert like gode eller betre tenester ikkje får moglegheit til å konkurrere, seier Kolstad.

Professoren seier det ikkje er sjeldan at reglane om offentlege innkjøp vert brotne.

— Men dei fleste kommunar har blitt flinkare til å følgje regelverket dei siste åra.

Ottar Vik seier kommunen valde å gå vidare med firmaet fordi dei var nøgd med kvaliteten på tenestene.

— Ein kan leggje vekt på det, men ein må trass alt vurdere opp mot andre leverandørar slik regelverket seier. Her verker det som om det ikkje har blitt gjort, seier Kolstad.