EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noDet hevdar retssmedisinarane som obduserte jenta.— Eg skal ikkje leggje skjul på at det vi såg passar veldig godt med det som er kjent frå litteraturen om barnemishandling. Slike hjerne- og brotskader er heilt karakteristiske, sa rettsmedisinar Inge Morild ved Gades Institutt då han vitna i Bergen byrett i går.Foreldreparet som sit tiltalte for å ha mishandla den vesle dotter si til døde, bad om å få sleppe å følgje utgreiingane til rettsmedisinarane. Dei var ikkje til stades då dei to professorane gjekk langt i å slå fast at skadene måtte vere eit resultat av mishandling.- Dei liknar ikkje det vi ser etter fallulykker, for eksempel i leik eller friluftsliv, sa nevropatolog Sverre Jarl Mørk. Ikkje berre eitt fall Mørk undersøkte i si tid også hjernane til dei tre andre barna som den tiltalte kvinna har mista i krybbedød tidlegare. - Hos dei var det ingen teikn på skader slik vi ser her, sa Mørk. Rettsmedisinarane meiner spedbarnet må ha fått fleire harde slag mot hovudet, ikkje berre eitt. I tillegg kjem alle dei andre brotskadene ho hadde i armar og bein.- Det er ikkje snakk om at eitt fall, for eksempel ned ei trapp eller ned frå eit stellebord, kan har ført til alt dette, sa Morild.Han avviste heilt at noko av det foreldra har forklart, som at bror til jenta trefte jenta med ei flaske og ein speledåse, kan vere forklaringa. Dei avviste rg at barnet på nokon måte kan ha påført seg sjølv skadene. Ingen teikn på sjukdom Rettsmedisinarane meiner at det til slutt var ein lungebetennelse som førte til at jenta døydde.- Det er vanleg at så store hjerneskader gjer at det lett utviklar seg lungebetennelse, sa Morild.Det er ikkje funne teikn på at jenta kan ha hatt beinskjørheit. Vevsprøver av jenta vart sendt til eit laboratorium i Seattle, utan at ekspertane der kunne finne noko som tyda på at jenta hadde nokon slik sjukdom.- Det er heilt uvanleg med slike hjerneskader hos barn. Det er utruleg kor mykje eit barn toler av uhell og fall, sa professor Sverre Jarl Mørk.