Det er Norske Skog sin papirfabrikk i Skogn som bestemmer kva papir BIR skal levere. Deira krav til råvarer er igjen diktert av kva det kostar å resirkulere papiret til den kvaliteten kjøparen ønskjer. Papirkjøparen er Bergens Tidende, VG, Dagbladet, Aftenposten, dei fleste andre norske og ei rekke utanlandske aviser.

— Problemet er avsverting av papiret. Vi må oppfylle krava kjøparen har til lysheit. Gjennomfarga papir vil til dømes skape fargeflekkar i det ferdige papiret, seier driftsassistent Torleif Tidemann ved Norske Skog Skogn.

Kan lage papir av alt

Liknande grunngjevingar gjeld for alle dei produkta BIR seier at vi skal kaste i bosset. Konvoluttar har lim og plastvindu. Julepapir er gull- eller sølvbelagt og kartong er farga. Skal dette resirkulerast, vert avsværtinga og utsorteringa mykje meir krevjande enn med ein bunke aviser. Likevel:

— Det går fint å lage papir av dette. Spørsmålet er kva krav kjøpar set. Vi produserer 500 tonn, det vil sei rundt 1000 ballar i døgnet. Det vil ikkje vere mogeleg å sortere ut alt dette på Skogn, seier Tidemann.

Andre papirfabrikkar gjer dette allereie. Dagleg leiar Hans Håvard Kvisle i resirkuleringsselskapet Hippopotamus seier at ei rekke fabrikkar i Tyskland og Frankrike køyrer «alt» gjennom tromlane.

Økonomisk spørsmål

— Dette handlar ikkje om kva papiravfall som kan resirkulerast, men om økonomien til Norske Skog. I prinsippet kan alt det du får beskjed om å kaste i restavfallet resirkulerast. Det er berre litt meir arbeidskrevjande, og dermed dyrare, seier Kvisle.

Han meiner konsekvensane er store. Meir papir enn nødvendig vert brent, samtidig som det er vanskelegare å motivere folk til å resirkulere når det vert stilt så høge krav til sortering. Som igjen kan føre til mindre resirkulering.