— Eit grensenamn er eit namn som nokon aksepterer og andre mislikar. Ofte nærmar slike namn seg grenseland for kva folk flest synest er uakseptabelt, seier namneforskar Ivar Utne til BT.

Han arbeider ved Nordisk institutt i Bergen, og svarar på spørsmål frå Folkeregisteret om namnesaker.

I dagens BT-kronikk skriv Utne om det han kallar grensesprengjande namn som Gudergod, Usjyldi og Halleluja.

— Den nye liberale personnamnlova frå 2003 lar folk sette grensene sine sjølve, og ta ansvar. Det ligg i konteksten at offentlege styresmakter ikkje skal passe på kva folk driv med, men prioritere bruk av ressursane på andre måtar, seier Utne.

— Dessutan er det heilt ålreit å ha det moro med namn! Det er eit krydder.

— Ikkje alle i det norske fagmiljøet er like liberale som deg?

  • Nei, det er sant. Mange er opptekne av norsk kultur og namnetradisjonar.

— Men ikkje du?

— Etter mitt syn er kultur noko som endrar seg over tid, og eg er mindre oppteken av tradisjonar. Ikkje alle er av same meining, svarar Utne.