• Eit fantastisk syn. Her ser du at heile Indre Sogn står samla i kampen for eit forsvarleg fødetilbod.

Leiar i aksjonsgruppa Forsvar Lærdal sjukehus, Siv Enerstvedt, var strålande nøgd med både oppslutning og innhald under den lokale aksjonen for Lærdal sjukehus i går kveld.

Samla for fødeavdelinga

Både den mangfaldige kulturdugnaden og det avsluttande fakkeltoget med ein plass rundt to tusen deltakande gjorde sterkt inntrykk.

— Heile Indre Sogn står samla i denne saka, og vi ser eit sterkt samhald på tvers av både bygdelag og politiske skilleliner, seier Enerstvedt.

Det heile starta med kulturdugnad ved skulen i Lærdal, der ei rekke lokale krefter bidrog med det meste frå rock til revy. Midt blant aksjonistar, faklar og hornmusikk i Lærdal i går var også Jon Lekven, professor på UIB og styremedlem i Helse Vest. Han var imponert over engasjementet rundt sjukehuset.

— Det er ei stor mønstring, og det er klart at slike aksjonar gjer inntrykk, seier Lekven, som likevel ikkje signaliserer noko kuvending i striden rundt fødeavdelinga.

Til helseministeren

Kommande onsdag skal styret behandle akkurat denne saka, og deretter oversende helseminister Dagfinn Høybråten rapporten om den såkalla forsterka fødestova som er planlagt ved sjukehuset.

— Blir det nye tilbodet godt nok til å stette krava frå helseministeren?

— Det vil eg ikkje svare på no. Det skjer mykje akkurat no, og vi må drøfte dette først i styret, seier Lekven.

Aksjonsgruppa meiner på si side at Helse Vest ikkje kan klare å garantere eit stabilt og fungerande fødetilbod med den såkalla forsterka fødestova. Dei viser til at alle jordmødrene har sagt opp, at kirurgane reserverer seg mot å ha ansvaret for nødkeisarsnitt og at alt tyder på at gynekologane vil slutte når dei ikkje lenger trengst i vaktturnusane.

Aksjonen rettar seg mot at ei vel fungerande fødeavdeling i Lærdal skal omgjerast til ei fødestove - blant anna utan fødselslege på døgnvakt og utan medisinsk smertelindring.

Høybråten må stoppe

— Helse Vest og Helse Førde har rota med ei svært velfungerande fødeavdeling. Dei vil ikkje klare å få til eit fungerande tilbod med den modellen dei planlegg. Derfor meiner vi at Høybråten må stoppe nedlegginga av fødeavdelinga når han får saka på sitt bord, seier Siv Enerstvedt. - Fødeavdelinga i Lærdal stettar alle krav, bortsett frå at talet fødslar ligg for lågt. Men dette har jo Stortinget sagt at ikkje skal vere avgjerande.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn med nær 30.000 innbyggjarar i kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Sogndal, Luster, Leikanger og Vik. I tillegg tar sjukehuset pasientar frå nabofylka Hordaland, Buskerud og Oppland.

Sjukehuset har avdelingar for indremedisin og kirurgi, kvinnesjukdomar og fødselshjelp samt dei medisinske støttefunksjonane; overvaking, oppvaking, anestesi, operasjon, røntgen og laboratorium. Lærdal sjukehus har rundt 250 tilsette.

GJEKK FOR FØDEAVDELINGA: Rundt 2000 menneske deltok i går kveld i mønstringa for å bevare fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus. <br/> FOTO: OLE THOMSEN