Terje Ulvedal

På dagens pressekonferanse opplyste politiet at dei så langt har avhøyrt rundt 90 personar. Mellom dei mange som har vore inne til avhøyr er ei rekkje elevar ved folkehøgskulen.

— Men vi har ikkje hatt alle elevane inne til avhøyr, seier utrykningsleiar Asbjørn Hansen i Kripos.

Avhøyra heldt fram utover kvelden i går. I alt 12 lokale politifolk og seks etterforskarar frå Kripos arbeider no med saka.

Politiet hadde i ettermiddag fått inn i overkant av 50 tips, mange frå personar som var i sentrum den aktuelle natta. Kripos-etterforskar Hansen karakteriserte informasjonsflyten hittil som grei.

Politiet er nøye med å understreke at dei ønskjer kontakt med alle personar som var i sentrumsområdet natt til sist torsdag.

— Vi ber om at alle som kan ha sett Hedda Karterudseter denne natta melder seg. I særleg grad gjeld personar som har vore i området frå Meieriet til folkehøgskulen etter klokka 01.15, seier lensmann Olav Borlaug.

Den drepne 19-åringen var kledd i ei blå dongerikåpe, ein kvit og turkis genser og mørke bukser.

Politiet har oppretta ein eigen tipstelefon. Nummeret er 57 62 92 53.

Kripos utryknigsleder Asbjørn Hansen (foran) og Sogndal-lensmann Olav Borlaug.
SCANPIX