Ortopediklinikk Lærdal har spesialkompetanse på skulder-, kne— og hoftekirurgi, der rundt 30.000 innbyggarar har sjukehuset som sitt lokale tilbod. Klinikken har kapasitet til å operere 180 kneproteser, 100 hofteproteser, rundt 100 andre større ortopediske inngrep årleg, og har også oppnådd godt rykte for måten dei rehabiliterer pasientane på.

Meininga er at ortopediklinikken skal ta inn pasientar frå heile landet.

— Mot slutten av fjoråret hadde vi korte ventelister på pasientar frå Sogn og Fjordane, medan andre - blant anna Helse Bergen - hadde lange ventelister. Da var det naturleg å prioritere dei som hadde venta lengst, seier Bolstad.

Ifølgje Bolstad har det aldri vore meininga å nekte dei lokale pasientane behandling ved ortopedien i Lærdal.

— Alle får hjelp, men dei lokale måtte berre vente litt lenger enn tidlegare, seier han.

— Hugs på at denne klinikken vart etablert for å ta unna køane i heile Helse Vest, og det har vi gjort.

Bolstad meiner det er rett, og ikkje noko lovbrot, å tilby dei lokale pasientane som ikkje vil vente på plass i Lærdal - behandling ved dei to øvrige sjukehusa i Helse Førde.

— Kor mykje meir er det å tene på ein ekstern pasient kontra ein frå Sogn og Fjordane?

— I fjor var det snakk om rundt 20 prosent meirinntekter på ein ekstern pasient, seier Bolstad.

— Men realiteten er uansett at ortopediklinikken går med store underskot.

Bolstad seier vidare at rundt halvparten av ortopedipasientane som vart behandla i Lærdal i fjor, kom frå nærområdet i Sogn.

— Innanfor desse grensene har vi faktisk høve til å disponere ventelistene slik at vi også hjelper folk i andre deler av landet - der kapasiteten ikkje er like god som hjå oss.

Bolstad er sikker på at helseføretaket har sitt på det tørre i denne saka, og har ingen ting imot ei nærare gransking.