— Eg hadde kontroll på at våre eigne tilsette var i dekning. Men det kunne jo når som helst kome andre folk. Og vi ante ikkje kor lang tid det ville ta før smellet kom, seier den daglege leiaren for sprengningsfirmaet Holt & Sønner AS.

— Det var eit mareritt, er svaret når vi spør han korleis det var å stå der og vente.

Se flere bilder: Her eksploderte bilen

La på sprang

Det er laurdag morgon i Moadalen på riksveg 53 mellom Årdal og Tyin. Valdres-firmaet Holt & Sønner utfører arbeid på vegen; blant anna skal dei fjerne ein utdatert og lekk 45 meter lang tunnel. Holt har med seg fem tilsette på jobben denne dagen, blant andre sin eigen bror Rune.

Den spesialinnreia VW-Transporteren med 168 kilo dynamitt og tennarar står parkert 50-60 meter lenger nede på anleggsområdet Dei to brørne inspiserer nokre fjellknausar som skal sprengjast vekk, og riggar seg til for dagens arbeid.

— Det er då eg ser at det kjem røyk frå bilen. Vi spring begge ned, og ser at det brenn. Kupeen er totalt røyklagt. Vi tenkte først å prøve å sløkke. Inne i bilen er det tre brannsløkkingsapparat, men vi tenkjer på sprengstoffet og skjønar at det er for farleg, seier Holt.

Dermed legg dei to brørne på sprang. Denne gongen motsett veg.

Med politiet online

Bak nokre store anleggsmaskiner søkjer dei dekning. Tankane rasar gjennom hovudet på dei. Dei fire andre arbeidarane er i dekning. Kan det vere andre folk i området? Riksveg 53 er stengt for vanleg trafikk, men hyttefolk og turgåarar kan likevel kome oppover eller nedover vegen. Går det an å få varsla om faren i tide?

Broren ringer politiet frå mobilen sin, orienterer om situasjonen. Sten Holt ser at det står ein bil parkert utanfor den næraste hytta.

— Eg frykta dei skulle sjå at bilen vår stod i brann, og så kome ut for å varsle oss. Eg har aldri vore så redd. Heldigvis kom det ingen, fortel Sten Holt.

Ved sidan av står broren framleis og snakkar med politiet. Så bryt helvete laus.

Eit enormt drønn. Stein og vrakrestar haglar over området. Brørne blir slått over ende av trykket.

I politiets logg står det at eksplosjonen skjedde laurdag 18. oktober klokka 08.51.

- Klart oss brukbart

VW-Transporteren er vekk. Der den stod, finst no eit stort krater. Motorblokka ligg eit stykke unna. Andre attkjennande restar etter varebilen finst ikkje.

Ein lastebil som stod parkert litt unna, ser ut som den har vore utsett for massivt granatangrep. Vindauge i den næraste hytta er blåst inn av trykket.

Tre dagar etter har politiet enno ikkje fullt oversyn over dei materielle skadane. 11 hytter ligg i ein radius på ein snau kilometer frå eksplosjonen, og eigarane har ikkje sjekka alle innvendig.

— Det er jo ei sjokkoppleving, men vi har klart oss brukbart. Vi hadde ei lita krisesamling seinare same dag, og snakka gjennom tinga. Vi må jo prøve å få det ut av systemet, seier Sten Holt, som var tilbake på jobb allereie måndag.

- Uforståeleg

— Det blir nokre tankar i ettertid. Tennsatsane og dynamitten var lagra etter forskriftene, med over ein meters avstand i det spesialbygde lasterommet. Hadde bilen byrja å brenne medan vi kjørte, trur eg aldri det hadde gått så langt. Det er brannsløkkingsapparat både under setet i kupeen og bak i lasterommet.

— Kva tenkjer du om brannårsaka?

— Eg veit ikkje. Det er jo uforståeleg. Transporteren var ein to år gammal dieselbil. Sidan det var så mykje røyk i kupeen, kan ein jo spekulere i kortslutning, til dømes i varmesetene, seier Sten Holt.

Saka er under etterforsking, og politiet har bede om assistanse frå Direktoratet for Beredskap og Samfunnssikkerhet og Kripos.

Politibetjent Gunnar Brevik frå Lærdal var på ulykkesstaden kort tid etter eksplosjonen. Han understrekar at det ikkje er mistanke om kritikkverdige forhold i samband med eksplosjonen.