• Det som skjedde søndag var heilt ekstremt. Eg har aldri opplevd liknande, seier geolog Svein Helge Frækaland i Vegvesenet.

I går ettermiddag fekk BT frå helikopter sjå dei enorme naturkreftene som var i sving i Kjøsnesfjorden. På nokre få kilometer sperrar bortimot 15 ras den viktigaste sambindingsvegen mellom Fjordane og Sogn. Fleire av dei er kjempestore, det største 60-70 meter i breidde.

Fem bilar står framleis innesperra. Ein av dei står bortimot klistra mellom to ras. Avstanden mellom skreda er ikkje større enn at det truleg ville by på vanskar å prøve å snu bilen.

Fleire magasin bak rasvollar bygde for å sikre mot skred, er fylt av jord og stein. Over tunnelar og rasoverbygg har massane strøymt. Oppe i fjellsida ligg tre knekte som fyrstikker.

Enorme nedbørsmengder

Svein Helge Frækaland har jobba som geolog i Statens vegvesen i 22 år. Han har aldri maken til det han fekk sjå då han flaug over området i helikopter i går ettermiddag.

— Eg kunne ikkje førestelle meg at så store mengder masse kunne kome ned. I ettertid er det lett å seie at vegen burde vore stengt før, slår han fast.

Enorme nedbørsmengder, først som snø, deretter sludd og til slutt regn, var den utløysande faktoren. Rasa har starta som snø eller sørperas høgt oppe i fjellsidene. På veg nedover har dei blitt til ei voldsam kraft.

— Dei har sopa med seg lausmassar og vegetasjon. I alt er det snakk om 14 rasløp frå fjellsida. Ti-elleve av dei er kjende frå før. Dei andre er til vanleg små bekkar. Det må ha vore enorme vassmengder som har kome nedover, seier geologen. - Det vi ser er at dei rassikringstiltaka som er gjort i området har fungert. Men det har kome ras i område der det ikkje er bygt sikringstiltak, konstaterer han.

Vegen opnar truleg onsdag

I og på sida av rasfara ligg det att ein god del større steinblokker.

— Men etter mitt syn er det ikkje så stor fare i desse. Om dei skulle kome i rørsle, vil dei neppe kome så langt som ned i vegbana, meiner Frækaland.

Om vêrmeldinga slår til og det blir kaldare, startar oppryddingsarbeidet i dag. Men vegvesenet treng truleg heile dagen på å rydde vekk jord- og steinmassane, og det er ikkje sikkert vegen blir opna før onsdag.

— Men kjem det mildvêr att, må vi vurdere situasjonen på ny, seier Frækaland.

Han trur likevel ikkje tilhøva kan bli så ille som søndag og natt til måndag.

— Rasløpa er skrapa godt reine etter det som skjedde søndag. Vi kan ikkje på langt nær oppnå liknande tilstandar som dei vi hadde, meiner Frækaland.