• ÅTVARAR: - Ein stor del av Salhus sin kulturhistoriske verdi går tapt dersom kommunen riv den flotte demninga ved Milastemma, seier Håkon Knudsen. På demningen står Ann Kristin Ramstrøm, avdelingsleiar i Norsk Trikotasjemuseum. Milastemma var i mange år vasskjelda til Salhus Tricotagefabrik. FOTO: EIRIK BREKKE

- Å riva demninga er ein hån mot oss bygdefolk

Eit historisk kulturminne vil gå tapt dersom Bergen kommune riv ned demninga i fjellsida ovanfor Salhus. Bygdefolket er rasande.

Milastemma heiter dammen. Den vart bygd i 1907 for å sikra vassforsyning til dåverande Salhus Tricotagefabrik. Private husstandar i nordre delen av Salhus fekk også nytta denne vasskjelda. No ser eigaren, Bergen kommune, ikkje lenger verdien av at dammen ligg der.

— Planane om å riva demninga og dermed rasera Milastemma er ein hån mot oss bygdefolk. Sjølv om dammen for lengst har fått avløysing som vasskjelde, er denne plassen av stor kulturhistorisk verdi for alle som bur i Salhus, seier Håkon Knudsen.Den spreke 69-åringen er ivrig turgåar, kjentmann i Salhus-bygda og leiar i Venneforeningen til Norsk Trikotasjemuseum.