— Me får brei kunnskap om området, om religion, historie og språk. Midtausten er eit viktig område. Det har det alltid vore, men det spesielt aktuelt no. Det seier Harald Storhaug (23), Astrid El-Gamal (23), Anne Jordalen (23) og Jeyla Rustamova (26).

Dei høyrer til det første bachelorkullet i midtaustenkunnskap ved Universitetet i Bergen, og er i gong med fordjuping i arabisk dette semesteret.

— Mannen min er frå Egypt, så det er lenge sidan eg bestemte meg for å studera arabisk. Det var ikkje planlagt at det skulle verta eit trendfag, smiler Astrid.

Anne trur både den aukande medieinteressa for området og 11.september er viktige grunnar til at fleire vel akkurat dette faget.

— Og jobbmarknaden for dei med ein slik fagkombinasjon vart større etter det som skjedde, trur ho.

Studentane fortel om eit studium der dei får breiare forståing for problema i Midtausten enn dei elles ville hatt, og seier dei får ein annan synsvinkel enn den vestlege verda generelt har.

— Mange er politisk interesserte, og dei fleste er for Palestina. Men ein kan likevel ikkje sjå på dei som tek midtaustenkunnskap som ekstremt radikale. I store delar av verda er det vel ein trend å vera mot USA sin politikk, seier dei.

— Mange ønskjer å jobba i FN, med diplomati eller i ein hjelpeorganisasjon. Ein del ønskjer dessutan å jobba i media, seier Anne. Sjølv høyrer ho til den siste gruppa.

Jeyla har frå før ei mastergrad i internasjonal rett og har jobba med flyktningar. Det håpar ho å halda fram med etter å ha fullført ein bachelor i midtaustenkunnskap òg.

MOT FORDOMMAR: - Me kan lettare enn før argumentera mot folks fordommar mot islam og muslimar, seier f.v Harald Storhaug, Astrid El-Gamal, Anne Jordalen og Jeyla Rustamova. Dei fire fortel om eit interessant, men travelt studium. GIDSKE STARK (foto)