Den dristigaste av dei, direktør Terje Skjelbred hjå NCC Anlegg Vest, vil gjera 1. byggjesteg for 367 millionar kroner, medan Statens vegvesen har rekna ut ein pris på 475 millionar kroner.

Men også hjå Skjeldbreds hardaste konkurrentar, Veidekke og Mesta, ristar dei på hovudet over ein meterpris på 48.000 til 52.000 kroner, slik det framgår av opplysningar frå Statens vegvesen. Alle dei tre selskapa gjer det klårt at dei vil vera med i konkurransen om oppdraget med å sprengja Jondalstunnelen.

— Men dersom eg leverte eit tilbod med 48.000 kroner som meterpris, ville eg ikkje hatt ein sjanse. Vi skal ta på oss å s sprengja Jondalstunnelen for 35.000 kroner meteren, seier direktør Terje Skjelbred hjå NCC Anlegg Vest.

— Mellom 35.000 og 40.000. Alt sikringsarbeid inkludert. Så kjem byggherrekostnader, og då er vi vel oppe i mot 40.000 kroner meteren, seier tunnelsjef Øystein Birkeland hjå Mesta, selskapet som oppstod etter at Statens vegvesen sin anleggsseksjon vart skilt ut.

— Prisane på tunnel har stige litt meir enn prisane elles, men rundt 42.000 kroner meteren høyrest rimeleg ut, seier Kåre Strand, seksjonsleiar fjell hjå Veidekke.

Problem med å forstå

Med vegvesenet sitt prisoverslag vil 1. byggjesteg av Jondalstunnelen kosta rundt 475 millionar kroner, ein pris som gjer det høgst uvisst om tunnelen let seg finansiera. Finansieringsplanen som Hordaland fylkeskommune har lagt til grunn strekkjer seg berre til 335 millionar kroner.

Legg vi til grunn prisen pr. tunnelmeter som dei tre entreprenørane foreslår, frå 35.000 til 42.000 kroner, får vi ein pris for 1. byggjesteg varierande frå 367 millionar til 425 millionar kroner. (sjå grafikk).

Denne prisen gjeld for den kortaste Jondalstunnelen, som Jondal kommune går sterkt inn for. Kvinnherad kommunestyre gjekk torsdag 26. februar inn for ein 1,5 kilometer lengre tunnel for å spara bygda Nordrepollen. Med det alternativet vil prisen frå dei tre entreprenørane sjølvsagt stiga, men NCC sitt prisforslag ligg stadig vekk under 400 millionar kroner. (sjå grafikk).

— No ser vi fram til tilbodsrunden. Vi har heile tida hatt store problem med å forstå korleis Statens vegvesen har kome fram til den høge prisen på Jondalstunnelen samanlikna med Folgefonntunnelen, seier dagleg leiar i Hardangervegen AS, Eilev Instanes.

Identisk tunnel

Også Kåre Strand i Veidekke undrar seg. - Over 33 prosent påslag? Det var no svært, seier Strand når BT opplyser han om meterprisen som Statens vegvesen har lagt inn i sitt prisoverslag for Jondalstunnelen; 48.000 kroner. Strand tenkjer på Folgefonntunnelen, opna i 2001, der Veidekke sprengde ca. 4 av dei 11 kilometrane. 20. februar opplyste samferdsleminister Torild Skogsholm i Stortinget, etter spørsmål frå Arne Sortevik, Frp, at meterprisen i Folgefonntunnelen var 35.400 kroner omrekna i 2004-prisar, medrekna byggherrekostnader.

Statsråden opplyste også i svaret at den private entreprenøren (altså Veidekke) låg 11 prosent under Statens vegvesen sine anleggsfolk i pris pr. meter.

— Det skulle bety at lågaste meterpris omrekna i 2004-kroner kjem heilt ned i 33.000 kroner, seier Sortevik.

Grunnen til at Kåre Strand undra seg, og at Arne Sortevik stilte spørsmål, er at Jondalstunnelen ligg i same fjellmassiv som Folgefonntunnelen. Dermed er det grunn til å tru at fjellkvaliteten vil vera om lag den same for dei to tunnelane.

— Det er vanskeleg å sjå kva slag prosjekt det ville vera meir naturleg å samanlikna Jondalstunnelen med enn Folgefonntunnelen. Det er jo ein identisk tunnel som skal byggjast, i same fjellmassivet, seier Arne Sortevik til Bergens Tidende.

Nye overslag frå vegvesenet

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp vil ikkje kommentera dei ulike prisforslaga frå entreprenørane. Men han har denne kommentaren:

— Konsekvensutgreiinga (KU) for Jondalstunnelen er noe ute til høyring, og merknadene vi får inn vert sende vidare til Vegdirektoratet, som har ansvaret for prosjektet. Når det gjeld prisane på Jondalstunnelen, så ligg vi innanfor ei uvisse på 25 prosent både opp og ned etter KU. Vi vil gjera nye overslag i samband med reguleringsplanane, og då vil uvissa koma ned på pluss/minus 10 prosent, seier Ole Chr. Torpp til BT.

KJELL PEDERSEN