• Vi har mista den flotte, sterke, og dyktige dotter vår. Det har vore uverkeleg og vondt, sa mor til Ingse Rønnestad i retten i dag.

Det var eit sterkt kjensleladd vitnemål som Aud Karin Rønnestad framførte i Gulating lagmannsrett fredag formiddag.

— Ingse hadde kjærleik og omsorg for alle: For familien, for venninnene, for kollegane, men først og fremst for dei to flotte gutane sine, sa Rønnestad.

Etter at Trond Ramsland i går vart dømt for overlagt drap, skal retten nå utmåle straffa og ta stilling til kor mykje familien etter Ingse Rønnestad skal få i erstatning. .

— Gutane har mista den fantastiske mor si. Dei har også mista far sin, som stadig vekk sårar og skuffar dei med det han seier i retten. Det er som eit slag i ansiktet på gutane, sa mor til Ingse.

Den drapstiltalte marineoffiseren hadde blikket stivt festa på veggen bak vitnestolen medan den tidlegare svigermora forklarte seg, og fortrekte ikkje ein mine.

Det er besteforeldra har tatt over omsorga for gutane etter drapet.

— Utan gutane hadde ikkje vårt liv vore leveleg akkurat nå. Det er slik vi føler det, sa Rønnestad.

— Gutane har vore ein enorm trøyst og ei enorm vitalisering for oss, sa ektemannen Odd Rønnestad i sitt vitnemål.

I RETTEN: Aud Karin Rønnestad og Odd Rønnestad i retten i dag.
ØRJAN DEISZ