Og her er svarene vi fikk:

Ole Kristian Magnussen (17), mekanikarelev:
- Eg har sjølv vore med i ei trafikkulukke, og veit i grunnen kor farleg det er i trafikken. Det har vore realistiske demonstrasjonar på skulen, dei har sett det heile i perspektiv.
Ronny René Bjellebø (16), mekanikarelev:
- Ein interessant dag. Eg har sett tilsvarande demonstrasjonar før, og er usikker på kor mykje dei hjelper. Det blir køyrt bra fort på vegane her.
Espen Furre (19), køyretøyelev:
Ganske lærerikt det me har sett i dag. Har sett mykje som eg ikkje visste om korleis hjelpemannskap utfører arbeidet sitt. Det skremmer meg ikkje frå å køyra bil, eg skal ta lappen snart.
Erling Aarvik Borgen (17), mekanikarelev:
- Eg var med i ein bilkollisjon i fjor sommar. Det sette nok ein større støkk i meg enn demonstrasjonane på skulen. Men det er likevel ganske lærerikt å sjå korleis bergingsarbeid blir utført.
Andreas Ø. Fosse (16), mekanikarelev:
Eg har iallfall fått ein del sterke inntrykk i dag, og lært ein god del om alt som skjer i samband med krasj. Om det hjelper er eg usikker på, det finst ein del villmannskøyring på Stord-vegane.