• Dette er ei sjokkerande fattigdomsutvikling, seier styremedlem i Aleneforeldreforeningen, Stig Rusten, i ein kommentar til den nye rapporten om einslege forsørgjarar.

— Dette viser at denne gruppa er blant dei som slit hardast i samfunnet, og at dei har ein langt tøffare kvardag enn dei fleste andre i Norge. Rusten meiner at situasjonen er verst for dei som bur i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, fordi bu-utgiftene er mykje høgare i storbyane.

Men han er ikkje overraska over konklusjonane i rapporten.

— Nei, dette har vi visst lenge. Vi har prøvd å fortelje det til politikarane, men dei vil ikkje høyre. Dei seier at dei vil gjere noko for å kjempe mot barnefattigdomen, men i praksis skjer det motsette, hevdar Rusten overfor BT. - For når foreldre slit med å klare kvardagsutgiftene, går det også utover barna. Det er det verste av alt.