• Mange unge køyrer seg sjølv hardt, og er for trøytte til å køyre bil, seier fylkessekretær Arne Aase i Trygg Trafikk.

Aase er ikkje overraska over resultatet av studien frå SOVno.

— Den støttar opp om det vi har høyrt tidlegare. Trafikkulykker skuldast ofte at folk er for trøytte, og veldig mange unge forulykkar i trafikken, seier han til BT.

— Mange, også eldre, stressar for mykje, er oppjaga, søv for lite og opparbeider seg eit søvnunderskot. Men å duppe av eit sekund eller to i bilen er nok. Før ein får sukk for seg, køyrer ein av vegen, seier fylkessekretæren i Hordaland.

— Kva kan ein gjere?

— Hvis dette skjer på grunn av mangel på søvn, er det råd å gjere noko med det. Er årsaka sjukdom, må andre enn meg finne svaret, seier Aase.