— Vil du ikkje la dei læra norsk, så lær dei engelsk. Det kan dei ha nytte av, sjølv om dei skulle bli sende ut av landet, sa psykolog Svein Ramung då statsråden vitja Bulken Statleg Mottak.

Ramung er leiar av psykososialt team for flyktningar på Vestlandet.

Han har registrert ei alvorleg forverring av helsetilstanden hjå dei flyktningane og asylsøkarane som han har hatt med å gjera. Stadig fleire snakkar om å ta livet av seg. Det er dei innhaldslause dagane som tærer.

Mottaksleiar Finn Mo kunne stadfesta at dei som bur på mottaket legg seg seinare, og står opp seinare, enn før. Dei synest det er ekstra ille at busskortet vart borte med norskundervisninga.

Nær ti kilometer til Vangen er for langt å gå, og vanleg buss- eller togbillettar blir dyre, med pengane dei får til rådvelde. Mottaket har til no ikkje sett noko av pengane til aktivitetar som skulle kompensera for bortfallet av undervisinga.

Her kunne statsråden melda at pengane er på veg.

Nok til busskort i 3-4 månader i året, rekna mottaksleiinga raskt ut.

Bjalsjerlov Abramo i samarbeidsutvalet ved mottaket, appellerte til statsråden om norskundervisning i det minste to dagar i veka (fem dagar før).

— Dersom eg får ja på asylsøknaden, har eg mist tid. Utan norskkunnskap blir det vanskelegare å skaffa seg jobb, og snakka med folk, sa han Tillitsmannen fortalde elles statsråden at dei som held til på mottaket har problem med å få pengane til å strekka til. Dei vil gjerne gå oftare i symjehallen på Vangen, kjøpa barneleiker og kvitevarer.

Asylsøkarar stilte seg i kø med problema sine då kommunalminister Erna Solberg forlet asylmottaket på Bulken i går, overoptimistiske med omsyn til sakshandsaming på ei asyltrapp. Eitt krav var gjennomgåande: busskort til Vangen, «himmelriket» i andre enden av Vangsvatnet.

Kommunalministeren vitja i går også ein avgangsklasse ved Voss gymnas, og fekk tid til eit kort møte med skral kommuneøkonomi på Voss Tinghus. Programmet som Voss Høgre hadde avtala, sprakk grunna seine fly på Vestlandskysten.

KREV BUSSKORT: Mange asylsøkarar ville nytta høvet til å bretta ut problema sine når dei hadde sjølve sjefen for asylpolitikken i tale. Dei fleste ynskte seg gratis buss til Vangen.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH