— Eg rekna med at dei såg meg. Plutseleg berre small det, seier HSD-sjåføren. Arbeidsdagen var knapt byrja for sjåføren, før han måtte rekvirera ein annan skulebuss til å henta elevane. Bussen hans var nemleg knust i fronten.

— Eg er berre glad bussen var tom.

I følgje politiførstebetjent Kjetil Hauge var tre køyrety involvert i ulukka som skjedde ved innkøyringa til Studalen på E39 på Stord i tolvtida i dag.

— Bilen, som kom nordfrå og skulle inn til Studalen, overheldt ikkje vikeplikta. Bilen blei påkøyrd av bussen som kom sørfrå. Bilen blei så kasta rundt og trefte eit tredje køyrety.

— Eg ser ikkje vekk ifrå at sola blenda sjåføren, seier Hauge frå Stord lensmannskontor.

To ambulansar rykka ut, men det var inga personskadar, ifølgje politiførstebetjent Hauge.

Det hadde ikkje Roald Reiersen trudd. Han stod og venta i Studalskrysset på klar vegbane, då det small rett framfor bilen hans.

— Eg såg bilen som kom frå høgre, den svinga inn, trefte bussen og blei bare kasta rundt. Eg tenkte at dette kunne ikkje ha gått bra. Kvidde meg for å gå og sjå til føraren, men så kraup han ut sjølv. Heilt utruleg, seier Reiersen, som sjølv fekk nokre skrammer på bilen i ulukka.

Fleire airbagar blei utløyst på ulukkesbilen som hadde kome nordfrå. Det var også store skadar i høgre front og side på bilen.

LENA VERMEDAL (MMS)